Fotball og topp konsert i HaNo
Dei årlege HaNo dagane på Nordøyane måtte nok eit år ta til takke med redusert aktivitet. Nokre få varestander hadde varer ute på Nordøy Stadion søndag under fotballkampar, medan laurdagskvelden kunne by på topp konsert!
Trur vi tek konserten først. Trekkplasteret var Sverre Eide, Ålesundmann, sjarmør og kjend frå Idol og seinast i vår frå The Voice. Lokale krefter fekk også skine – med rette! For sang og musikk har prega øysamfunna i årevis, gjennom korps, kor, storband og musikalar i UL Fram sin regi.
Den om fekk skine først var Kari Nyhus Aksnes, med og utan keybord leverte ho to gode songar, Slipping through my fingers og Why haven’t I heard from you. Kari har levert i bryllup, selskap, gravferd. Personleg favoritt denne kvelden.
Neste var Ane Flem, ein songar som det er veldig kjekt å lytte til både i storm og stille. Sjekk You Tube! Tre songar frå Ane, herav Den finaste Chevy’n – ein modig song om fattigdom og rus. Sånn kan livet også vere! Ane studerer no musikk i Volda på høgskulen der.
Lone Lorgen, ein frisk pust frå Rindalen, i grensa mellom NordMøre og Trøndelag. Vil helst kalle seg Nordmøring. Sterke slekter på Haramsøy der ho har eit vikariat i barnehagen. Stas å få sitje å spele for full sal. Sveltefora på det lenge!
HaNo
Korleis går det med laget Lars (Ulla), som er leiar. Økonomien er pressa når aktivitetane vert vekke. I 2020 gjekk det rundt seier han, medan 2021 kan bli vanskeleg. HaNo dagane har gjeve gode inntekter, og utan dei er mykje usikkert. Aktiviteten er no på veg opp – heldigvis!
HaNo hadde tilpassa hallen til konserten på laurdag. Avstand og nummerete sitjeplassar – OG SIT I RO! Ikkje lett for dei under 10 med lopper i blodet. Sjølvsagt ikkje 100% i alle situasjonar, men totalt sett kom vi alle ut veldig bra.
Lyd og lys
Kvar gong det er snakk om lyd, ja om både lyd og lys, ropar vi FARSTAD LYD. Thony Farstad har etablert seg i eit øvre sjikt med sitt firma, og leverer varene med tunge trykkbølger!!!!!!
Saman med eit opplegg med tåke og lys show som kan ha ta pusten av mange!
Attraksjon
Sverre Eide. Ålesundsgut med suksess.
God plassering i Idol 2013 og kamp omThe Voice no i vår. Då stig forventningane. Sverre Eide hadde med eit knippe låtar, frå Idol, frå The Voice og ikkje minst frå eigen produksjon. Han fekk salen med seg frå første stund.
Sverre Eide vonar å kunne leve av musikken som er hans store lidenskap, medan han no har ei trosse om bord i meir handfast arbeid innan økonomi. Bra å ha noko å gå tilbake til.
HaNo dagane med fotball og stands.
Lag som ikkje kunne stille til kamp, litt improvisasjon og programmet kom om lag i mål. Søndag hadde nokre få stands ordna seg i austenden av stadion med torskekjakar og honning. Mat for Mons. Og fotballen rulla. Siste kampen for dagen damer HaNo mot Hornindal. Ein kamp som heimelaget vann.
Nokre få ute stands fekk omsetning for varene sine.
Eit komma for HaNo dagane – som kjem sterkare tilbake etter at koronapandemien har lagt seg!
HaNo Har eit godt damelag. Tøffe!
Olav Skarstein










