Framtida for Kvileheimen – brev til kommunen
Øyrådet arbeider for at Haram kvileheim på Longva skal bestå i nokolunde same form som no. Bygningsmessige endringar er i greitt nok; det avgjerande er at der framleis vert fast bemanning på huset. Utan personale heile døgnet kan ikkje dei eldre som treng tilsyn bu der.
Fleirtalet i kommunestyret har bestemt at endringsplanane, som går ut på bygge om Kvileheimen til ubemanna omsorgsbustader, skal vurderast på nytt. Eit ad hoc-utval er nedsett for å sjå på saka, men nokon konklusjon eller vedtak er ikkje gjort enno.
Likevel ser det ut til at omsorgsadministrasjonen i kommunen har starta på nedbygginga av Kvileheimen ved å ikkje ta inn nye bebuarar når der blir ledig plass. Dette reagerer Øyrådet på og har sendt eit brev til kommunen med fyldig informasjon og argumentasjon for kvifor Kvileheimen bør vidareførast med fast bemanning.
