1889:Stortinget vedtok ny skulelov.
Flem skule, oppsett av bygdefolket, vart teken i bruk. Huset var på 54 kvm. Det inneheldt 1 klasserom, eit kammers + gang og var 2-delt.
1892:Tredelt skule. Bygdefolket ordna med torv og ved til oppvarming, dei fyrte opp om morgonen og vaska om ettermiddagen.
1893:Vedtok å bygge familiebustad for lærar i ytste enden. Lengde 4,5 m.
1896:Familiebustad ferdig. Leige kr. 10,- pr. år
1898:Huset måla utvendig.
1911:Innlagt vatn.
1916:Firedelt skule. Lærarstova teken i bruk til klasserom.
1919:Ynskje om at kommunen skulle overta huset vederlagsfritt.
1922:Taket lyfta i ytste enden for bruk til klasserom. Sløyd og handarbeid vert halde i slutten av skuleåret.
1923:Borna kvar si lærebok i gramatikk.
1924:Elektrisk lys installert.
1929:Drikkefontene på skulen.
1933:Nytt golv i inste skulestova.
1934:Barneboksamling på skulen. Krinsen ytte kr. 35.
1937:Skifta dei gamle tomannspultane med einmannspultar (20 stk) på inste rommet. Innlagt utslagsvask i gangen.
1939:Innføring av ABC – bok. Bergersen: Lesebok for fyrste skuleår.
1940:Firdelt skule. Austlid si lesebok utbytta med Nordal Rolfsen si lesebok.
1941:Kommunen overtek bygget.
1941-45:Innsamla radioapparat på loftet. Tjuvlytting på London.
1959:Ny skule ferdig, den som no er Flem skule.
1960-86:Gamleskulen ominnreidd og brukt til sløydundervisning.
1988-95:Øvingslokale for ulike musikkgrupper.
Ny tid for huset
1995:16. oktober. Laget Gamleskulen skipa.
1996:Slipte ned golva. Målararbeid inne.
1996-98:Reparasjon av heile taket.
1999:Nytt opplegg av straum og nye varmeomnar på ytste klasserommet.
2000:Innlagt varmtvasstank i kjellaren og varmevatn opp til 1. etasje.
2004:Reparasjon av nedstevegg. Isolerte og skifta bordkledning + nye vindauge. Utforing og listing inne.
2005:Skifting av bordkledning og nye vindauge på ytste veggen mot Flem.
2007:Installerte oppvaskmaskin.
2008:Pålegg om skifting av strauminntak + gamal armatur på loftet og i gangen.
2010:Stell av ytste kjellarrom.
2011:Vacumtoalett installert.
2012:Fjerning av gamledoen. Dagmar hjelpte oss.
Innkjøp av ny støvsugar, videokanone og nye blendingsgardiner.
Skifting av yttervegg mot Longva.
Innkjøpt nytt kjøleskap og frysar.
2013:Skifting av yttervegg oppover + dør og vindauge.
Måling av heile huset.
Registrert i Brønnøysundregisteret.
Inspeksjon El.sikkerhet, Møre. Alt fungerte som det skal. Dei var imponert!!
2014:Gangen inne opppussa med nytt golv og nye lister kring døra.
Innkjøpt puter på stolane i ytste rommet.
Installert meir lys på loftet.
2015:Felling av tre på nedsida av huset.
Gamleskulen er på Facebook.
Innkjøp av plenklippar, vaffeljarn + diverse.
Rydding på loftet. Utstilling av gamle læremiddel.
Restaurering av bilete som Ole J. Rogne laga i 1995.
Isolering av taket i kjellaren.

Noverande styre vil takke alle som har hjelpt til med Gamleskulen i alle desse 20 åra. Det gjeld arbeidsinnsats, ting gjevne til huset og pengegåver. Ingen nemnd – ingen gløymd.

TUSEN TAKK!


Share