HaNo med folkefest – eller omvendt!

Messa er i gang med sine freisingar!
HaNo dagane med ein ny vri. Tre dagar med aktivitetar, men berre ein dag med salsmesse. Nytt av året var ”Ta sjansen” på Flem småbåthamn, klatrevegg og ansiktsmåling for born på Nordøy Grendahus. Elles var det sjølvsagt fotballkampar, både herrelaget og damelaget var på bana.
Så var det dans på lokalet – laurdagskvelden – på Nordøy Grendahus. Det har vore so stans i dansefestar siste åra. Kjekt at denne fine tradisjonen tek seg opp att. Vi likte at HaNo tok tak og gjorde ein vri og laga litt nytt. Tida må ikkje stå stille. Laga må fornye seg og særleg no når bru og tunellar har samla øyane til eit rike. HaNo dagane over tre dagar – 09.–11. september 2022 fungerte. Folk samla seg om fotball, underhaldning og messe. Kjærkomne inntekter for eit lag som jobbar for born og ungdom.
Øyrådet var ikkje til stades på alle aktivitetane, men fekk rapportert om god oppslutnad. Omlag 240 hadde samla seg omkring Ta sjansen og endå mange fleire på messa i Nordøyhallen. Godt at ein ser litt meir ”tilbake til det som var”.

Polarbad. Varmt bad for kald sommar!
Messedagen
Søndag med salsmesse i Nordøyhallen. Like mange stander som før – kafé og kiosk med snacks og middag. Folk seig på etter sin utsøkte søndagsfrukost og snart var hallen full av nygerrige og kjøpelystne. Fekk inntrykk av at folk var litt meir forsiktige med pengane i år, men at messedeltakarane likevel var nøgde. Ikkje minst var høve til å kome i saman viktig. Setje seg ned å prate som før.

Lepsøybrumopedar!

Seaside Custom og motorsykkel elbil!

Paletten frisør! Ny veis eller hol i øyra!

Klar for badstu. Utsikt til det du vil – alt etter som!

Nordøyane Fotoklubb

NOGVA med maritim motor, aggregat og hydraulikk.

Byggfag

Middag for folket.
Nordøyfolket
Utruleg kjekt å sjå og høyre at gode naboar på alle Nordøyane kikka innom til både handel og samvere. På dette området er framtida lys!

Marita og Synnøve ønskjer nye fotografar til Nordøyane Fotoklubb.
Nokre foto frå messa i Nordøyhallen er kasta inn i teksten !
Olav Skarstein
