Heal the world
Eit passande ønskje når vi veit at pandemien på langt nær er over på verdsbasis.
Kor For oss leverte ein fin konsert med både håp, draum og livsglede.
Godt å vere i gang igjen Jens Aksnes, fast dirigent for Kor For Oss i alle år? Ja, to år utan vanlege konsertar er lenge, hadde ein adventskonsert i kyrkja sist jul, men det er ikkje det same som full sal. Har ikkje hatt vanlege øvingar i perioden, så ein må starte å jobbe seg oppover igjen.
Full sal
Det var nesten som før, folk rundt borda med kaker, brus og kaffi og skravle i ventetida. Litt forsiktige, men det som folk har sakna i eit par år kom etter kvart; lytte til god sang i lag. Lynlotteri med glade vinnarar. Med tanke på det lange opphaldet, var Kor For Oss vel verd å høyre på – ikkje mykje å klage på. Og når dirigenten snakkar om å jobbe seg oppover igjen, då gler vi oss til enno meir godlyd!
Konserten
Konserten var som sagt planlagt som vårkonsert. Repertoaret hadde våren i fokus, men med det flotte vêret vi har hatt i havgapet, så er det som om våren har virka heilt til no.
Ei god blanding av velkjende songarar. The Police, Jon Lotterud, George Harrison, Jan Eggum, Carpenters, Kari Bremnes, The mamas and the papas, m.fl.
Solistar, ja koret er heldige som har solistar som tør å stå fram. I kveld hadde vi Peter Aksnes i ”Everything”, Åsmund Ulla i ”Here come the sun” og Ingunn Kjærstad i ”We only just begun”. Gode soliststemmer.
Veldig positivt at dirigenten mellom låtane tek seg tid til å fortelje litt om kva vi høyrer, litt om bakgrunn og tidsepoke. Samt forsyne forsamlinga med litt humor.
Sunnmøre korforbund

Bjørn Røren frå Sunnmøre Korforbund. Tenk kor fredelegt det var i huset når dei syngande koristane sette nasen mot øvingslokalet – utanfor heimen sin toneradar.
Bjørn Røren frå Sunnmøre Korforbund med humor og medaljar.Bjørn Røren hadde ei spesiell oppgåve med helsing frå korforbundet; humørfylt innleggg før medaljar og diplom vart overrekt til 8 kormedlemer. Stas. Og tenk kor fredelegt det var i huset når dei syngande koristane sette nasen mot øvingslokalet – utanfor heimen sin toneradar.

Pokal og diplom! Geir Håkon Austnes, Jens Aksnes, Sindre Rogne, Audhild Nogva, Margrete Aksnes, Jon Nogva og Elisabeth Haram. (Reidunn Rogne Flem var heime grunna sjukdom).
Avslutning på kvelden
Dirigent Jens Aksnes var litt misunneleg på svenskane som har laga så mange gode songtekstar/melodiar. Så koret avslutta med ”Gabriellas Song”: Jag vil kjenna at jag levd mitt liv!
Til trampeklapp kom ekstranummeret: Michael Jackson sin ”Heal the World”.
Konserten sitt bodskap!
Olav Skarstein






