Her blir opplista alle idéar og forslag som kjem inn til Øyrådet. Idéar og forslag som vert «konvertert» til tiltak og sett ut i livet, vert sletta frå lista.

Idé - forslag - tiltakAnsvar
Øyrådet kan ha ein båt tilgjengeleg som folk kan låne billig. Både fastboande og andre.Trivselgruppa
I sommarsesongen er det mange turistar som "må på do". Eit mobilt toalett kan hjelpe på problemet.Trivselgruppa
Kanskje Øyrådet kan ha ein bustad til disposisjon, slik at potensielle tilflyttarar kan "prøvebu" øya?Bustadgruppa
Ei turistbrosjyre à la den dei har på Lepsøya kan få fleire til å ta turen ut hit. Kan leggast ut på båt, ferje m.m.Informasjonsgruppa
Lag eit arrangement om sommaren som lokkar folk til øya. Få det annonsert i Sumpen si turistutgåve.Trivsel/Informasjon
Kva med eit motbakkeløp opp til Skulen? Start f.eks. ved Kvernhuselva og målgang på toppen ved «Skulebua».Trivsel/Nordøy IL
Terrengsykkelløp opp fjellvegen v/Flem 1, utover Halsane, ned v/Knutgarden, tilbake til Flem 1, ei eller fleire runder.Trivsel/Nordøy IL
På sikt: sykkelløp rundt øya, så opp fjellvegen ved Flem 1 og målgang oppe ved fjøsen. Gjerne både vår og haust.Trivsel/Nordøy IL
Halvmaraton rundt øya når stien på nordsida er ferdig.Trivsel/Nordøy IL
Pakke for skuleklasser: tur til «Skulebua» + sjøbasert aktivitet + paintball på Halsen? Overnatting på Rogne skule.Trivsel?
Ei minigolfbane hadde vore kjekt å ha. Til dømes i området utom fotballbana.Trivsel/Nordøy IL
Lage miniakebakke for borna, nedanfor Fjellheim 2.Trivsel
«Nordøykonferansen» - årleg konferanse om forskning, utvikling og næringsutvikling innan den marine sektor.Næringsgruppa/ Styret
Tilvirking av Go-cart bane på fotball-plassen på Rogne.Trivsel/Nordøy IL

Share