Som mange andre små industriverksemder under eller like etter andre verdskrig, starta også MeTo Industri i kjellaren. Denne skil seg likevel ut med at den starta i to ulike kjellarar, nemleg i Jonasgarden og Remma på Flem. Det var to svograr – Oskar P. Flem og Kåre J. Rogne – som tok til å lage vevstolar i 1948.

Optimisme og framtidstru

Etter krigen var det mangel på mangt og mykje som folk trong, samstundes som det rådde eit optimistisk framtidssyn no når det var blitt fred og landet skulle byggast på nytt. Dette gjorde at folk flest ønskte å skaffe seg både ting dei hadde sakna under krigen og nye ting som kom, og det var dermed grunnlag for å starte verksemder og produksjon av ymse slag.

Såleis kunne folk som Oskar og Kåre ha tru og mot nok til å investere både tid og pengar på idéar som dei hadde om produkt som kunne utviklast, lagast og seljast.

Eigen konstruksjon

Som så mangt anna var det mangel på og etterspurnad også etter vevstolar denne tida. Dei to svograne gjekk difor saman om å konstruere og produsere ein vevstol som dei laga delane til i kvar sin kjellar. Metalldelane var det Kåre som tok seg av, medan Oskar laga det som var av tre.

Ein vevstol er ei komplisert teknisk innretning, og den består av mange ulike delar med kvar sine utfordringar både når det gjeld utforming og tekniske løysingar. I tillegg skal alle delane passe saman og fungere knirkefritt som eit maskineri. Såleis vart det nok mykje av så vel spekulering og diskusjonar som prøving og feiling før dei to svograne kom fram til sin versjon.

Vevstol frå MeTo Industri

Standard vevstol med krakk frå MeTo Industri. Vevstolen står i lokalet (stabburet) der treverket vart laga.

Vevstolen som dei konstruerte var mindre, lettare og meir kompakt enn tidlegare tradisjonelle modellar, noko som gjorde det enklare både å montere sjølve vevstolen og å setje opp veven. Det spesielle her var ein såkalla kontramarsj som skauv hoveldskafta oppover, i staden for eit arrangement med blokker og snorer som løfta hovelda, som var det vanlege for dei fleste andre modellar.

Treproduksjon

Trematerialet var furu. Oskar investerte i både sirkelsag, elektrisk høvel, fresemaskin, bormaskin og pussemaskin for å gjere arbeidet så rasjonelt som mogleg. Lakkeringa vart gjort manuelt, med pensel og lakk på boks.

Med unntak av høvelen, bestod maskinene av elektromotor og sjølvgjorde understell i tre. Naudsynte metalldelar vart laga av kompanjong Kåre i Jonasgarden.

Rundt 1950 vart treproduksjonen flytta frå kjellaren og opp i stabburet. Her var det betre plass og arbeidsforhold, slik at det også kunne leigast inn arbeidshjelp når det trongst. Artur Rogne arbeidde nokså jamt i stabburet i lange periodar, medan Olav P. Flem steppa inn når det var mykje å gjere.

Rennebommar
Rennebom - dobbel

Dobbel rennebom – bordversjon

I tillegg til vevstol med krakk laga dei òg rennebommar – både ein stor modell og ein bordversjon. Til orientering for uinnvigde, er det med ein slik det vert laga varp (renning), som er tråden som går på langs i veven og held den saman. Bordversjonen av rennebommen var dobbel, med to «vinder» som kunne snurrast uavhengig av kvarandre (sjå biletet).

Mekanisk produksjon

Som nemnt var det Kåre Rogne som laga alle dei mekaniske delane til vevstolane. Liksom Oskar hadde han verkstad i kjellaren der produksjonen føregjekk. I starten hadde han nokre få enkle maskiner, som boremaskin og smergel. I tillegg hadde han ei esse, slik at han smidde mange av metalldelane som skulle til på vevstolane. Han støypte sjølv tannhjula som vart brukt til å drage fram veven og til «bremse» for å hindre rullane i å dreie rundt og såleis halde veven stram.

I 1954 sette Kåre opp ny verkstadbygning nedom vegen, og her fekk han både meir plass og betre utstyr for mekanisk produksjon. Det kom nok godt med, for det er mange ulike metalldelar i ein vevstol, og det er ulike prosessar som skal til for å lage desse. Dessutan produserte han no mange andre ting enn delar til vevstolar, mellom anna delar til kinostolane på Vang, og i tillegg kom reparasjonar av ymse slag.

Når dei ulike delane av tre og metall til vevstolane var ferdige, vart dei samla i Remmestabburet. Herifrå vart dei så «eksportert» til Ålesund og mange andre stader. Det var både privatfolk og forretningar som Husfliden som kjøpte vevstolar, og dessutan institusjonar som dreiv med kurs og opplæring i handverk.

Omsetning

Produksjonen kunne variere med både etterspørselen etter vevstolar og omsynet til andre viktige gjeremål som gardsdrift og fiskeri. Til dømes var det eit svært rikt sildefiske i første halvdel av 1950-talet som alle som kunne, gjerne ville vere med på.

Prisen på ein standard vevstol med krakk frå MeTo Industri var 295,- kroner i 1952/53. Det vart laga vevstolar i tre storleikar: 1 meter, 1,25 meter og 1,50 meter. Dei nemnde måla angir maksimal breidde på veven som kunne vevast på dei ulike versjonane. Prisen varierte sjølvsagt litt med storleiken på vevstolen.

Marknaden var i hovudsak det næraste distriktet, men ein god del vevstolar for òg til andre kantar av landet, og ein heilt til Amerika. Varene vart for det meste pakka inn i gråpapir og sendt på rutebåten.

Kor mange vevstolar som vart laga i denne verksemda, finst det ikkje lenger sikre opplysningar om. Men utifrå dokument om kjøp og sal som framleis finst etter bedrifta, kan eit anslag på mellom 150 og 200 eksemplar totalt i løpet av dei 8 – 9 åra produksjonen varde vere rimeleg realistisk.

Reduksjon og stans

Mange små industribedrifter som blomstra opp like etter andre verdskrig, produserte for nærmarknaden, som då mangla det meste. Dei fleste verksemdene opplevde nokre gode år, men så vart marknaden metta, etterspurnaden avtok og nye produkt frå andre og kanskje større produsentar kom inn.

Såleis opplevde også MeTo Industri at det etter kvart vart vanskelegare å få avsetnad på produkta sine utover på femtitalet, og produksjonen minka litt om senn. Bevart korrespondanse viser at MeTo-vevstolar var selt så seint som i 1956, men omsetninga var nok heilt slutt året etter.


Informantar:
Petter O. Flem
Odd K. Rogne


Share