MOT eit tryggare og varmare samfunn
Rune Bratseth er ein varm tilhengar av organisasjonen MOT som arbeider for ungdom, gje dei MOT til å leve, MOT til å bry seg og Mot til å seie nei. Det er viktig at skulen og foreldre er med som samfunnsbyggarar.
Rune Bratseth har vore med i MOT heilt frå starten av for 22 år sidan. Han er ein av fire stiftarar og er styreleiar. Dei tre andre er Dag Otto Lauritzen, Atle Vårvik og Johann Olav Koss. Vårvik og Koss var initiativtakarar tilbake i 1997. Bratseth som er godt kjend som fotballspelar i Rosenborg, Werder Bremen og ikkje minst på det norske landslaget, er no frilansar utanfor fotballen og har reist mykje rundt i Norge med MOT kulturen. Har vore innmom meir enn 50 kommunar.
Samfunnsbygging
EngasjementSkulane i Haram har jobba med prosjektet Skulen som samfunnsbyggar, det er 4. året for Haramsøy skule. Foredraget til Bratseth tek sikte å leie mot eit varmare og tryggare samfunn, og då gjennom korleis god leiing kan vere med på å nå desse måla. Gjennom stikkord som ekte, samhald og samarbeid, involvering, audmjukskap, energi, konflikt, forandring og kvile, losa han forsamlinga gjennom område som ofte er ei sjølvfølgje, men som ein likevel treng å jobbe med og forstå.
Trygt for borna
Med gode forhold mellom dei vaksne, har borna eit betre grunnlag for eit godt liv. Born er born og dei treng leiarar medan dei veks opp. Det er kanskje ikkje det beste for borna at dei skal få bestemme alt sjølv, og få alt dei peikar på. Reglar er tryggleik for dei unge.
Humor og fotball
Bratseth hadde ein lett tone og hadde mange turar innom fotballkarrieren gjennom foredraget.  Sidan Bratseth er fotball, var det ikkje lett å kome unna fotballspørsmål av mange slag. Det er eit aktivt fotballmiljø på øyane og mange supporterar både til norske og utanlandske lag. Heldigvis var det god tid til ferja, så både diskusjonar og fotografering fekk tid, til glede for dei fotballfrelste.

Bratseth saman med MOT representantar ved skulen. Rune Bratseth, Fredrikke Søvik Rønning, Sigrun Rogne og Odd Einar Molnes
MOT kultur ved Haramsøy skule
Bratseth saman med MOT representantar ved skulen.
Rune Bratseth, Fredrikke Søvik Rønning, Sigrun Rogne
og Odd Einar MolnesRektor ved Haramsøy skule, Kenneth Ulla, seier at sjølv om MOT kulturen var meint for ungdomsskulen og oppover, har dei valt å la kulturen gjelde i alle alderstrinn. Noko dei har gode erfaringar med og er svært positive til Skulen som samfunnsbyggar i MOT.
Olav Skarstein






