Leiar/kontaktperson: Evy Maritha Hellebust Rogne
Epost: em.rogne@online.no Telefon: 975 70 274
Nordøyane Storband vart starta i 1987 og er eit amatørstorband med aktørar frå øyane Flemsøy/Skuløy og Haramsøy. Vi har i dag 17 medlemmar i alle aldrar. Mange av medlemene har vore med frå starten.
Arvid Steen har vore spelande dirigent for storbandet heile tida. Vi øver kvar torsdag kl. 20.00 – 22.00 på Haramsøy barneskule. Frammøtet er stort og vi har det kjekt i lag! To vokalistar følgjer bandet i mange samanhengar.
Nordøyane Storband har samarbeidd med mange og jobba mot ulike prosjekt opp gjennom åra. Det har vore både utviklande og motiverande. Vi har eit stort og variert repertoar; opptrer på konsertar/festar og spelar til dans.
Bandet er ein del av kulturmangfaldet på øyane og er med på å samle lokalmiljøet til triveleg fellesskap, utøver god storbandmusikk og gjer den kjend.