Meir enn hundre år i kontinuerleg drift
Det var farfaren til Leidulv og Leiv Nogva som sådde spiren til Nogva Motorfabrikk. Han heitte Knut Larsen Otterlei og var frå Fjørtofta. Då han flytta til Nogva for å gifte seg med Luffa Danielsdotter, bytte han etternamn slik skikken var.
Smed og motoragent
Knut Nogva hadde ei bygdesmie i kjellaren sin i Jogarden, der han både laga ulike reiskapar og utstyr til jordbruk og fiskeri og dreiv med reparasjon av slike ting.
I tillegg var han agent for den danske motoren Dan, som han reiste rundt i distriktet og monterte i fiskebåtar. Dette vekte sjølvsagt motorinteressa til sønene hans, som også såg det store behovet for motorar tidleg på 1900-talet. Etter kvart som dei kom i høveleg alder, gav difor dei to eldste seg til å prøve å konstruere sin eigen motor.
Smia til Knut vart stadig «mindre» etter som aktiviteten auka, og rundt 1912 bygde han ny verkstad (Nogva-smia eller berre «smia» på folkemunne) og flytta produksjonen i kjellaren dit. Dei to eldste gutane, Daniel og Lars, arbeidde no dag og natt på ein motor, og 18. juni 1913 var dei klare til å prøve om motoren ville gå.
Den første motoren
Dette var lenge før Facebook si tid, men hendinga hadde no frettast utover bygda likevel, og mange var møtt fram for å «bisne». Motoren vart fyrt opp og starta som han skulle, men «rasa laust» og løsna frå festet og for bortover golvet etter svinghjulet før han la seg til ro i ei krå.
For det er «naturen» til ein semidiesel, at får den for mykje olje, vil motoren ruse og kan kome opp i eit svært høgt turtal inntil oljen er oppbrent. Men motoren virka iallfall – og vel så det, meinte dei som såg på. Heldigvis kom ingen til skade.
Lars var knapt 20 år då dette hende, og Daniel var to år eldre. Dei hadde avtalt at dersom motoren starta, skulle premien vere at dei kunne reise på eit ungdomsstemne i Ørsta den helga. Og reise gjorde dei.
Vel heime igjen fekk dei skikk på motoren og selde han i august same året for 500 kroner – inklusive propellanlegg. Både denne og dei neste motorane var på 3 hestekrefter.
Gode motorar
Det tok si tid å lage ein motor frå grunnen av for hundre år sidan med det verktyet dei hadde då, og det gjekk eit halvt år før neste motor var ferdig. Den vart seld i mai 1914 for 450 kroner.
Nogva-motoren opparbeidde seg etter kvart ry for å vere robust og driftssikker, samstundes som han var relativt lett i vekt og dessutan enkel å reparere. Den egna seg godt til mindre fiskebåtar, og stadig fleire fiskarar installerte Nogva-motor i båten sin.
Produksjonen auka litt i senn utover mot 1920, og særleg etter den første verdskrigen var det gode tider og god avsetnad på både motorar og andre produkt. For i smia laga dei også anna reiskap og utstyr som fiskebåtane trong, noko som gav ei jamn og god inntekt. Også dei to yngre brørne, Johan og Olav, arbeidde ei periode i smia.
Ut for å lære
Likevel tok Lars Nogva seg tid til å «hospitere» på Hatlø Mek. Verkstad i åra 1917 – 1919. Han tok seg arbeid der fordi han kjende trong til å lære meir om motorar; å gå på skule for å få teoretisk utdanning var vanskeleg å få til.
Men i 1919 vart han kalla heim, for no var pågangen etter motorar så stor at han trongdest i smia. Det neste tiåret var ei oppgangstid generelt og ei svært god periode for Brødr. Nogva, som verksemda heitte denne tida. Mange motorar vart laga og avsetnaden var god, slik at firmaet kunne bygge seg opp og tole dårlegare tider som skulle kome.
For å lære endå meir, arbeidde Lars i 1929 ein periode i Brattvåg hos Einar Røsok, mannen som vert rekna som oppfinnaren av den hydrauliske vinsjen.
Nedgang og oppgang
Det amerikanske børskrakket i 1929 og dei påfølgjande «harde trettiåra» råka alle meir eller mindre over heile kloden. Mange gjekk konkurs og miste alle sine pengar, og arbeidsløysa var stor. Men Brødr. Nogva greidde seg gjennom krisa og hadde såpass med arbeid at dei kunne halde drifta gåande.
På denne tida måtte Daniel, som var eldst og odelsgut, ta over farsgarden, og Lars vart åleine om å drive smia og lage motorar. Men han måtte òg mykje rundt og montere motorar slik at det vart naudsynt å ta inn leigd arbeidskraft. Namnet på verksemda vart no endra til Nogva Motorverkstad.
På slutten av andre verdskrig starta to av sønene til Lars – Leidulv og Leiv – som då var i 15-16-årsalderen, å arbeide i smia. I åra framover gjekk produksjonen for fullt, og nede i fjøra laga dei ein slipp slik at båtar kunne dragast opp når motor og propellanlegg skulle monterast.
Smia blir for lita
Etter kvart tok det til å bli trongt om plassen i verkstaden, så enten måtte smia utvidast, eller verksemda flyttast til større lokale. Lars meinte og hevda overfor sønene at bedrifta måtte flyttast til fastlandet for å ha ei trygg framtid. Han peika både på dårlege kommunikasjonar og at slippen låg utsett til for ver og vind.
I Søvika var det så smått teke til å kome litt industri; mellom anna hadde Brastad Båtbyggeri flytta dit frå Brattvåg. Det var bra kommunikasjonar med Ålesund, der var mindre verhardt enn på Nogva, og hamneforholda var gode.
Valet fall såleis på Søvika, og i 1948 kjøpte dei ei strandtomt der, men først i 1952 vart det starta på grunnarbeidet. På slutten av 1953 stod så nye lokale klar til bruk for Nogva Motorfabrikk, som namnet skifta til med flyttinga. Etter nokså nøyaktig førti års drift på Nogva starta no ei ny epoke for verksemda.
Dei to som då arbeidde i smia utanom Nogva-karane sjølve – Lars Rogne og Oddvar Rogne – følgde med på flyttelasset til Søvika og vart der verande resten av sitt yrkesaktive liv.
Utstyr og reparasjonar til fiskeflåten
Etableringa i Søvik fall saman med det reinaste «Klondyke» i sildefisket på første del av femtitalet, og under fisket gjekk det for fullt dag og natt med å levere utstyr og gjere reparasjonar for fiskebåtane. I tillegg til motorar laga Nogva utstyr av ymse slag, og ikkje minst var ein spesiallaga sildegarnsrull svært populær.
Motorane vart sjølvsagt utvikla frå den aller første 3-hestaren som «løp løpsk» i smia. Etter kvart kom kraftigare motorar fram til den største som var på 35 hestekrefter. Den opphavlege Nogva-motoren låg likevel i botnen og var ikkje til å ta feil av.
Omlegging av produksjonen
Men med nye tider kjem nye løysingar, og den «ekte» dieselmotoren tok over for semidieselen. Den sistnemnde typen var på grunn av det store svinghjulet mykje tyngre enn dieselmotoren, og meir tungvint å starte. Såleis vart det bestemt å legge ned motorproduksjonen i 1967. Då var over 750 Nogva-motorar levert.
Bedrifta levde likevel vidare i beste velgåande. Dei gjekk no over til å kjøpe inn dieselmotorar frå produsentar av merke som Mercedes, Yanmar, Nanni, John Deere og fleire. Motorane vart så utrusta med Nogva sine eigne gir og propellar som dei tilpassa kvar enkelt båt. Å levere komplette framdriftssystem til arbeidsbåtar og fritidsbåtar er kjerneverksemda i Nogva Motorfabrikk i dag.
Utviding og utvikling
Liksom smia i si tid vart for lita, gjekk det likeins med verkstaden i Søvika, og i 1970 såg eit nytt bygg dagens lys. Leiv og Leidulv var enige om at dette ville halde i deira tid, men alt i 1976 var det trong for ei ny utviding. Eit tilbygg vart reist og arealet auka til 1.300 kvm. Sidan har nye bygg kome til, det siste hausten 2015.
Nogva Motorfabrikk fekk etter kvart kundar frå heile landet, ikkje minst frå Nord-Noreg. Dei hadde såleis lenge sendt folk til Lofoten for å drive service for fiskeflåten der. Behovet for ein eigen verkstad til dette arbeidet berre auka, og i 1978 reiste Leidulv og Leiv til Lofoten for å sjå på ein verkstad som var til sals i Svolvær.
Verkstaden vart kjøpt og stod klar til Lofotfisket i 1979. Leidulv flytta nordover for å ta seg av verksemda i Svolvær. Han fekk bygt ein høghall i 1987 for å kunne ha båtane innandørs for reparasjon. Hallen brann imidlertid ned før han kom i bruk, men vart oppattbygd alt i 1988. Nogva Svolvær AS vart etablert i 1978 og lever framleis i beste velgåande med om lag ti tilsette.
I den seinare tid har Nogva Motorfabrikk teke over ET Hydraulikk på Grytastranda, som er produsent av styremaskiner, hydrauliske ventilar og sylindrar, hydraulikkmotorar, propellutstyr og meir. Dette kompletterer og utvidar produktspekteret og gir fleire bein å stå på.
ET Hydraulikk AS er no eit dotterselskap av Nogva med om lag 25 tilsette. Det vart flytta til nye og større lokale på Austnes i 2015, og øyfolket seier litt spøkefullt at no er Nogva Motorfabrikk på veg heim!
Det er over hundre år sidan første motoren vart laga av to ungdomar i smia på Nogva. I alle dei åra har det vore kontinuerleg drift av verksemda, og det har vore ei eventyrleg utvikling i det som framleis er eit familieeigd selskap med livskraft. Det vitnar om framsyn, klokskap, kreativitet, uthaldenheit og ikkje minst mykje godt arbeid!
Folk som arbeidde i smia utanom Nogva-karane sjølve:
Olav Gamlem
Gustav Myklebust (frå Syvde)
Kjellaug L. Nogva
Steinar Nogva
Einar Rogne
Kåre A. Rogne
Lars Rogne
Oddvar Rogne
Ottar A. Rogne
Per O. Rogne
Kjelder:
Sogelaget for Hamnsund sokn (2004): Nogva Motorfabrikk A/S. Ved Per Hånes
Nogva Motorfabrikk sine heimesider
Ingmar Seth si heimeside (www.ingmarseth.net)
Oddvar Rogne
Wikipedia