NSB er på sporet igjen!
Nordøyane Storband har venta i to år på å kunne fylle salen med musikk og publikum. Søndags ettermiddag på Nordøy Grendahus på Longva skjedde det.

Nordøyane Storband

Dirigent Arvid Steen på saksofon.
Dirigent Arvid Steen, glad for å kunne spele for publikum igjen. Konserten var på trappene og innøvd før nedstenginga, men pussa på no etter at samfunnet opna opp att. Storbandet har nesten klart å halde på bemanninga under ”pausen”. Har mista to mann og fått inn ei ny kvinne (Aurora Longva). To år utan konsert er lang tid for eit orkester.

Ny i NSB: Aurora Longva
Konserten
Hallgeir Remme (slagverk), humørfylt konferansier, fortalde at han kunne ikkje fortelje så mykje om konserten og melodiane, fordi konserten sine 16 melodiar var lagt opp som ein filmquiz. Quizark var lagt ut på borda med filmnamn. Så var det opp til folk å setje filmmelodiane på rett film. Godt hjelpemiddel var filmklipp frå dei aktuelle filmane.

Saksofonrekkje!
Det var godlyd i storbandet med dramatisk start; Mission Impossible tordna mot oss medan filmklippet viste dramatikk på Preikestolen. Den tok nok alle.

The good, the bad and the ugly!
Det verka som om NSB var glade for å kunne gje av seg sjølve og leverte ein god konsert. Musikk for både unge og eldre, og quizarka vart fylt ut etter beste evne. Noko litt vanskeleg, men mange godt kjende, som Kaptein Sabeltan, Flashdance, Starwars, Jungelboka, Å leve og la døy og Flåklypa.

Marion Høistad som saman med Trond Ravnestad stod for filmklippa.
Marion Høistad Bergheim vart mesteren for filmklippa og Trond Ravnestad hadde redigert og sett saman filmen, eit arbeid som sikkert hadde tatt mykje tid. Finpussa detaljer er det som gjev god underhaldning. Flott Marion og Trond!

Hallgeir Remme med Quiz
Kvalitetspause
Hallgeir Remme som fortsatt ikkje kunne seie så mykje om melodiane, informerte om at kaker og kaffi og saft ville kome til borda, det same ville børseberar sidan det var TV-aksjon der formålet er å kjempe i mot barneekteskap med unge jenter som offer. Ei viktig sak som det er vel verd å støtte. Lynlotteri med m.a. ullpledd til vinteren og laksemiddag med omega 3, fekk sine vinnarar.
Quiz’en
På tampen av konserten kunne konferansier Hallgeir gje fasiten på sin vinnande måte og når han spurde om det var mange som hadde alt rett, så rauk det hender i veret i heile salen. Ei lukke at NSB ikkje hadde lovd store premiar. Her var det heider og ære, ei rimeleg utgift for storbandet.
Sidan salen klappa fram ekstranummer, så vart det slik!
I gang igjen
Storbandet er allereie i gang med å planlegge ny konsert. I januar 2022 kjem dirigent Eckhard Bauer på vitjing – nok ein gang.
Her skal det svinge!
Olav Skarstein
