Ein god hundremeter utom bedehuset på Longva ligg eit lite hus like inntil vegen; eigedomen vert kalla Sperragarden*). Nedanfor dette huset, heilt nede ved sjøen, står det i dag nokre murar på ei steinfylling ut i sjøen.

Fisk og radiokasser

Her stod det tidlegare ei sjøbu – Sperrabuda – som var bygd som naust for ein fiskebåt. I ei kortare periode vart her laga klippfisk, og andre fiskeprodukt kunne det nok også bli produsert og/eller lagra i bygget.

Etter at sjøbuda hadde gjort si teneste til fiskeriføremål, vart ho påbygd og gjort om til fabrikk der det gjekk føre seg produksjon av radiokasser. For å vere heilt presis, så vart sjølve kassene laga på Haramsøya og deretter sendt til denne fabrikken  for lakkering og polering.

Grunn frå Jogarden

Sperragarden vart utskilt frå Jogarden på Longva då Elias Haram gifta seg med Jo-tausa Petrine, og det var dei som bygde det vesle huset attmed vegen. Elias og Johan Longva (Alvestad) var svograr og hadde fiskebåt i lag, og for mellom anna å huse vegn og anna utstyr til fiskeriet, bygde dei sjøbuda.

Seinare kjøpte Lars Nedregotten eigedomen og flytta med familien inn i huset, og det var sonen Einar saman med Severin Aakre (frå Eirik-garden på Haramsøya) som starta radiokasseproduksjon nede i sjøbuda – truleg i 1949. Begge hadde gått snikkarskule på Molde og var såleis rusta til å starte med møbelindustri.

Delproduksjon
Høvding radio

«Høvding Olympia Grand» 1950-51 Pris: kr. 488,-

Som nemnt vart sjølve radiokassene laga på Haramsøya, nærare bestemt på Haram Møbel- og Trevarefabrikk. Så vart kassene frakta med båt til Longva og lakka og polert etter alle kunstens reglar. Deretter gjekk turen til Høvding Radiofabrikk i Oslo, som sette inn «innmat» og sende dei ferdige radioapparata ut på marknaden.

Det varierte kor mange som arbeidde på fabrikken, men det var gjerne fire – fem personar. Somme var der i kortare periodar. Dei arbeidde på akkord, noko som oftast gav høgare betaling enn vanleg timeløn.

Lakking og polering

Lakkeringa føregjekk med sprøytepistol i fleire omgongar. Mellom kvart strøk vart det sikla (= skrape av det øvste tynne sjiktet av lakken) for å få overflata så glatt og fin som mogleg.

Deretter vart kassene polerte for å få dei skinande blank. Dei brukte ei fleire meter lang stang som det var festa ein luftfylt bilhjulslange på, og utanpå der pusseskinn. Dette sette dei i rotasjon med ein elektromotor, og så var det berre å halde kassene borti og polere til dei skein.

Konkurs

Dessverre gjekk Høvding Radiofabrikk konkurs i 1952 og drog radiokassefabrikken i Sperrabuda med seg. Haram Møbel og Trevare tapte òg pengar på konkursen, men klarte seg over kneika. Dei hadde starta med produksjon av høgtalarkasser alt i 1946 og hadde såleis fleire bein å stå på.

Einar Nedregotten vart sjuk med tuberkulose og døydde i 1952. Severin Aakre prøvde å få i gang ny verksemd og laga nokre bord og skjenkar, men dette gjekk berre ei kortare periode. Han flytta sidan til Ålesund.

Stormen tok sjøbuda

Fiskebåten Langstein kjøpte seinare Sperrabuda til lagerplass for vegn og anna utstyr.

Ein orkan raderte vekk sjøbuda i 1988. Ho brotna opp og for innover fjøra med vegn og innhald elles. Trekaia som var der dreiv av alt i 1950-åra, og delar av ho ligg no utanfor hamna på Longva.

I dag er det fylt stein ut i sjøen der sjøbuda stod, og plassen blir brukt til lager av dagens eigar, Nils Idar Rogne.

*) Namnet Sperragarden kjem frå Sperre på Ellingsøya, der far til Elias Haram var frå. Det er nok litt misvisande å kalle det ‘gard’, for det var ikkje stort meir enn eit mål jord.


Folk som arbeidde på Radiokassefabrikken:

Einar Nedregotten
Severin Aakre
Karl Longva (Jo-Karl)
Magnar Longva
Johan Longvastøl
Sindre Rogne

Informantar:
Atle Longva
Jon J. Longva
Johan Longvastøl
Marit Aakre Mjøs

P.S. Einar Nedregotten skreiv eit dikt om øya. Det var publisert i bladet «Nissen», (lagsbladet til UL Samhald) og opplese på 17.mai-fest i 1938. Diktet kan du lese her.


Share