Rogne Meieri var eit felleseige som vart starta i 1897 av alle mjølkeprodusentane på Rogne og Nogva. Det var eit reint smørmeieri, så der var ingen osteproduksjon å snakke om. Sal av mjølk var det heller ikkje, ettersom dei aller fleste hadde ei ku eller fleire denne tida. Og var det nokon som ikkje hadde, kjøpte dei mjølk av næraste granne.
Vasskraft
Meieribygget stod på Larsgarden på Rogne, på nedsida av vegen rett overfor kvennhuset. Til å lage smøret vart det brukt vasskraft, som vart produsert med vatn frå Larselva. Dei grov ut og mura ein stor brunn – eit vassmagasin – ovanom vegen like vest for kvennhuset. Elva kunne dei leie til meieriet eller kvenna etter behov.
Under meieriet var det mura opp ein stor, djup kjellar der det var både kjølevatn for mjølk og smør, og ein kvennakall. Frå den gjekk det reimar som drog separatoren og kinna. Ei renne under vegen førte vatnet frå vassmagasinet til kvennakallen. Etter at elektrisiteten kom rundt midten av 1920-talet, vart kvennakall og vasskraft etter kvart skifta ut med elektromotor og elkraft frå Tafjord.
Arbeidshjelp
For å utføre det daglege arbeidet på meieriet var det tilsett ei meierske. Jobben hennar var først og fremst å separere mjølka og kinne smøret, men sjølvsagt òg reinhald og anna førefallande arbeid. Mjølkekøyraren måtte også hjelpe til, mellom anna med å måle opp mjølka og elles når det var tunge tak som stod føre.
Mjølka som kom frå gardane vart lagra på ein rustfri tank som stod kjølig i kjellaren. Derifrå vart mjølka køyrt gjennom separatoren for å skilje ut fløyten som blir brukt til å lage smør.
Resten – skummamjølka – vart kjøpt tilbake av gardbrukarane. Det same gjaldt saupet, som er biprodukt når ein kinnar smør. Både skummamjølk og saup vart brukt til matlaging såvel som grisefor på gardane.
Bra forteneste
Det var god avsetnad på smøret, og prisane var bra dei første åra. Berre lite av smøret vart selt lokalt; mesteparten vart sendt til Oslo, og ein del vart eksportert vidare derifrå til England. Smøret var pakka i dunkar av bøketre som tok rundt tjuefem kilo.
Bøndene fekk betaling etter mjølkemengda dei leverte. Kor mykje den enkelte skulle ha, vart utrekna og oppgjort i ettertid, når dei visste kor mykje smøret kasta av seg og kva som vart att til fordeling etter at utgiftene var trekt frå.
Mjølketransport
Å frakte mjølka til meieriet gjekk på tørn mellom dei større gardane, dei som hadde hest. Ei eiga meierivogn pluss ei hestekraft vart brukt til transporten. Vogna var relativt stor, om lag 4 x 1,5 meter, med fire hjul. Ruta gjekk frå Olagarden på Nogva til Mastolgarden (Sørstrand) inst på Longva.
Køyrekaren samla opp spannene langs vegen og leverte dei på meieriet. Det kunne vel hende at han måtte køyre ei ekstra runde når det var mykje mjølk.
Mjølka skulle leverast på meieriet i ni-tida. Der vart ho målt opp, mengda frå kvar gard notert og deretter tømt i tanken. Vognmannen la så ut på ei ny runde med spannene – denne gongen med skummamjølk og/eller saup – tilbake til sine respektive eigarar.
Populære meiersker
Dei fleste meierskene kom frå andre stader i landet. Mange av dei vart gifte med innfødde ungkarar og sytte såleis for friskt blod i bygda. Det var ettertrakta damer, og dei stod ofte berre kort tid i jobben før dei vart «kapra».
Den aller første meierska var Elisabeth Sandøy; ho var frå Sandøya og vart gift med Karl Ingebrigtsen Rogne. Den siste som kinna smør på Rogne Meieri, var Målfrid Bakken frå Hemne i Sør-Trøndelag. Ho vart gift med Knut S. Rogne i Knutgarden.
Tronge tider og konkurranse
Utover 1930-åra vart det dårlegare lønsemd for meieriet, smørprisane gjekk ned og gardbrukarane fekk dermed mindre betalt for mjølka. Konkurransen frå Sunnmøre Meieri tok til å merkast, og bøndene kunne no få meir for mjølka ved å levere dit.
Etter kvart vart det klart at meieriet på Rogne ikkje lenger var liv laga, og drifta vart lagt ned i 1939. Inventar, spanner og anna utstyr vart auksjonert bort til bygdefolket. Separatoren står no på Sunnmøre Museum.
I 1946 kjøpte Arne Nogva meieribygget (som var eit tømmerhus), flytta det til Vika på Nogva og sette det oppatt til hus og heim for seg og sine. Huset står der framleis, men er påbygt og renovert så det er lite å sjå av meieriet no.
Informantar:
Elias Rogne
Oddvar Rogne
Sindre Rogne
Torleiv Rogne