«Det er rokken som spinner i stuen» var ein populær slager for nokre tiår sidan.

Det er kanskje ikkje så godt kjent blant folk flest, men her var faktisk ein rokkefabrikk på øya på førti- og femtitalet. Det var Ole O. Rogne, kjend som «Stor-Ole» i samtida, som starta å lage ulike treprodukt i kjellaren på Hansgarden på Rogne før andre verdskrig.

Runde ting og Stranda-slekt

Det var mellom anna krakkar og pinnestolar – slike med runde bein og runde spiler til ryggstø – som vart laga i kjellaren. Ole hadde nemleg dreiebenk og var ein kløppar til å dreie, så det fall naturleg å lage ting som høvde for dreiebenken. Såleis var også rokken med alle sine runde delar midt i blinken for kjellarbedrifta.

RokkDessutan var Ole var gift med ei Anna Fjørstad frå Stranda, og slekta hennar dreiv med rokkeproduksjon der inne. Særleg broren, Lars Fjørstad, var ein drivar i den verksemda. Dette var truleg «ei medverkande årsak» til at Ole fekk idéen og inspirasjon til å starte rokkefabrikk i kjellaren.

Høveleg material fekk han òg tak i gjennom slekta på Stranda, og der fekk han nok også råd og rettleiing i starten.

Effektivisering

Sonen til Ole O. Rogne, Olav, deltok i rokkeproduksjonen i periodar når han ikkje var på sjøen. Som ein av dei første på øya skaffa han seg privatbil i 1947. Det vert fortalt at han lasta bilen full av material og køyrde ut i Støene til møbelfabrikken der. Dei hadde nemleg dimensjonshøvel som letta handarbeidet monaleg. Så var det tilbake til Rogne for å omsetje trestykka til rokkar og andre ting.

I tillegg til Ole og Olav vart det hyrt inn «gutongar» til å hjelpe til med ulike oppgåver. Ofte var det å lakkere dei ferdige trestykka som skulle setjast saman til rokkar eller andre ting. Betalinga var 80 øre timen.

Komplementerande produkt

HespetreEit produkt i nær slekt med rokken som vart laga i kjellaren på Hansgarden, var hespetre. Då er det ikkje snakk om kvinnfolk, men eit «redskap som brukes til å vikle opp garn i bunter», som Store norske leksikon definerer det. Leksikonet nemner at det også vert kalla garnvinde.

Dermed hadde dei to produkt som hang saman og utfylte kvarandre, noko som var bra for forretninga. For det var ikkje berre å la rokken spinne tråden; den måtte ordnast i hesper eller nøster òg, og det var hespetreet sin jobb.

Andre produkt

Det vart laga andre produkt enn dei ovanfor nemnde i den vesle fabrikken, mellom anna ymse kjøkenreiskap. Det finst iallfall éi klubbe att på Rogne som er laga i denne kjellaren. Særleg i krigens dagar og litt utetter vart det produsert ein god del kostar, som det var stor etterspurnad etter.

Dei «trødde kostar», som det vart kalla; for å lage skurekostar vart dei stive bustene festa med kjeng i hola som var bora inn i eit trestykke. For å trykke kjengen med bustene fast, vart det brukt eit heimelaga apparat som dei altså trødde kjengen nedi med.

Mange rokkar til Nord-Noreg

Det var imidlertid rokkar som var den store artikkelen, og spesielt i åra etter krigen var produksjonen stor. Avtakarane var både folk i nærområdet og distriktet elles, men særleg mange rokkar tok vegen nordover med hurtigruta i samband med oppattbygginga av Nord-Troms og Finnmark.

Metta marknad og konkurranse

Mange kjellarfabrikkar blomstra opp etter krigen ettersom det var mangel på alle slags varer. Dermed vart det stor samla produksjon, og etter nokre år hadde folk fått det meste av det dei trong slik at etterspurnaden gjekk ned. I tillegg kom det – spesielt for rokkeprodusentar – at tilgangen på ferdig strikkegarn auka, og heimespinninga avtok tilsvarande.

Såleis minka også produksjonen av både rokkar og andre ting i Hansgard-kjellaren, og rundt 1952 var det slutt på produksjon av betydning.


Informantar:
Audhild L. Nogva
Dagfinn Nogva
Jon Nogva
Elias Rogne
Oddvar Rogne
Sindre Rogne


Share