Snøkvit og dei sju dvergane
Endeleg teater på Rogne igjen etter ei tid med avlysing og utsetjing. Og då borna slapp til på scena, då var all venting gløymd. God stemning både på scene og i sal.
Julianne Høistad Aakre i UL Fram fortalde om vanskelege øvingar grunna pandemien. Periodar utan øving og øving med mindre grupper. Alt tok mykje lengre tid. Borna var tålmodige og flinke å tilpasse seg og flinke å øve til trass for stadig endring i planane.
Skodespel
Snøkvit og dei 7 dvergane er ein kjend Walt Disney film frå 1937 basert på eventyr av brødrene Grimm. Per Lillo-Stenberg har dramatisert skodespelet på norsk. Reidunn Rogne Flem omarbeidde dette for UL Fram i 2012, og no i år la Julianne Høistad Aakre spelstykket til rette for barnegruppa i laget.
Snøkvit og dei 7 dvergane, ein fantasi med romantikk, musikk og dans som dei 25 borna spelte, sang, leika og dansa seg gjennom. Astrid Rogne spelte snøkvit. Godt jobba både med replikkar og song.
Når ein i tillegg har flotte kostymer, god sminke og elegante kulisser som ein med enkle grep skifter scene frå slott til hytte i skogen. Då er elementa på plass!
Kreftene bak
Ei slik oppsetning krev mange hjelparar og mykje tid. Det er ein stor dugnad og mange arbeidsoppgåver: Instruksjon og koreografi, musikk og lyd, scene, kulissar, rigging, snekring og transport, kostyme og saum, sminke og hår, lys og mikrofonar og mykje meir. Når mange tek eit tak, så vert også resultatet veldig bra.
Olav Skarstein






