NoHa Barnegospel

Leiar/kontaktperson: Solveig Kalvøy
Epost: solvka@online.no  Telefon: 402 89 045

NoHa BarnegospelNoHa Barnegospel er eit barnekor med medlemmer frå 5 år og oppover. NoHa starta opp i februar 2004. Vi er alltid tre vaksne på kvar øving. Pr dags dato er desse leiarane med:  Solveig Kalvøy, Anita M. Ulla, Jorunn Longva, Liv S. Rogne og Rangfrid Haram.

Vi øver annakvar tysdag frå september til mai. Annakvart år på Longva Bedehus og  Haramsøy barneskule. Øvingane består av song, andakt, leik og ein pause med vatn.

Høgdepunkta er å få opptre i kyrkja og elles på andre arrangement på øyane eller på fastlandet. Vi legg vekt på songglede, og har mykje bevegelsar til songane. Talet på medlemmer varierer frå år til år. Men sesongen 2014/2015 hadde vi 25 medlemmer.


Share