Referat frå styremøte i Øyrådet 06.02.2019
Onsdag 06. februar 2019 kl. 20.00 i vestibylen på grendahuset.
Til stades: Uwe Kleinhans, Jan Arne Longva, Olav Skarstein, Grete Vindsnes og Knut Flem.
Forfall: Ewa Piasecka og Bjørn Longva
Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent.
Sak 2. Gjennomgang av referat frå siste møte
Ingen merknader. Referat godkjent.
Sak 3. Status/rapport frå gruppene
Infogruppa
Har lagt ut plakat om fristen for å kome med merknader/innspel til arealplanen, og dessutan innlegg m/bilete om skispor i havgapet.
Trivselsgruppa
Grete og Karianne var på siste Friskus-møte i Brattvåg. Det står att å sjå om Øyrådet vil finne denne aktivitetskalenderen nyttig og ta den i bruk.
Bustadgruppa
Jan Arne var på infomøte på Haramsøya om arealplanen. Frist for innsending av merknader er 18. februar. Bustadgruppa har laga nokre nye/justerte innspel som dei sender inn.
Næring/tilflytting
Gruppa v/Uwe held fram arbeidet for kalbelutbygging for breiband. Uwe har vore på møte med representantar med Haramsøy idéforum for å samkøyre aktiviteten på dette feltet. Viktig med fiber både for private og næringsliv.
Sak 4. Årsmøte
-
- Forslag til årsmelding vedteke.
- Revidert rekneskap ikkje ferdig. Revisorane gjer det ferdig innan nokre dagar.
- Forslag til prioriteringar og mål for arbeidet det komande året:
1. Kafébygg
2. Oppgradering av turstiar - Endeleg liste over årsmøtesaker vert pkt. 1–5 i kunngjeringa med endring av det sjette og siste punktet til: 6. Prioriteringar for arbeidet i 2019. Ny, endra kunngjering skal ut seinast ei veke før årsmøtet.
- Forslag til årsmelding samt rekneskapsoversikt vert å publisere på Øyrådet sine nettsider.
- Praktiske ting til årsmøtet:
– Grete bestiller kaker og ordnar med kaffikoking
– Knut spør Tanja om å låne framvisar
Møtet slutt kl. 21.30.
Skrivar: Knut Flem