Teater i særklasse på Rogne

Spåkvinna (Synnøve Longva)
Ungdomar som imponerer på scena på Framtun. Ungdom i alderen 12 til 16 år som spelar teater som dei aldri skulle ha gjort noko anna. Med kulissar og kostyme perfekt tilpassa ei tid i austen for lenge sidan. Aladdin og prinsesse Jasmin får hjelp av ånda Genie i den magiske lampa. I ei tid då fritt val av ektefelle ikkje var noko sjølvfølge.
Disney sitt skodespel Aladdin Jr. er omsett til norsk av Sigrun Rogne og tilpassa lokal dialekt og lokale uttrykk. Ein musikal som aktørane meistra både i spel, song, dans og innleving – så naturleg at publikum vart dregne inn i livet i Agrabah og vart verande der i den dramatiske tida musikalen varte.
Nokre hadde masse replikkar, andre hadde få, men her var det eit samspel som alle dei 38 på scena tok del i med innleving som smitta. Tvillingparet Kari og Knut Nyhus Aksnes hadde hovudrollene som prinsesse Jasmin og Aladdin. Godt spelt og veldig god sang. Kunne nemnt gode prestasjonar i fleng, men det er samspelet som tel mest. Må likevel nemne flott humor og god mimikk hos Syver Flem som Genie og Malin Sofie Fjørtoft som Iago. William Nogva Vedeld som Jafar var i overkant skummel for dei yngste.
Sminke og kostymer er også i særklasse. Her har det gått med timevis med detaljarbeid. Dette er element som er med på setje dei unge aktørane inn i den tida dei lever seg inn i. Dei ymse scenebilda vert endra med elegante skiftingar av kulissar, frå slott til landsby eller grotte på ein blunk.

Aladdin og byborgarar

Jafar (William N.Vedeld) og Iago (Malin Sofie Fjørtoft)

Aladdin, Iago og Jafar

Aladdin (Knut N. Aksnes) og ånda i lampen Genie (Syver Flem)

Aladdin med sine vener og showdansarar

Aladdin og Prinsesse Jasmin (Knut og Kari N. Aksnes)

Tatt til fange

Også Aladdin vert fanga

Men det går bra til slutt. No er Jafar fanga i lampen og Iago hevdar si uskuld.

Aladdin har fått prinsessa. Manal (Mari H.Bergheim), Isir (Vilde Ravnestad),Rajah (Synne U. Otterlei), Omar (Torbjørn H.Aakre), Babkak (Martine Aakre), Kassim (Andrea G. Austnes), Jasmin (Kari N. Aksnes) og Aladdin (Knut N. Aksnes)
To gode forestillingar på Rogne jonsokhelga 2018, ståande og velfortent applaus. Musikalen skal også visast i Ingebrigt Davik huset i Brattvåg og i Parken Kulturhus i Ålesund.
Olav Skarstein
