Storfiskar og oppdagar – «grislar» og føregangsmann
Han er kjend som den som fann Storegga ute i havet, om lag 70 km vest-nordvest frå Nordøyane. Her var det rikt med fisk, særleg kveite, lange og brosme, og Storegga vart eit skattkammer for folk på Sunnmørskysten.
Tomas var fødd i 1589 på Fjørtofta og flytta seinare til Longva på Flemsøy/Skuløy. Der tok han over ein gard og tok namnet Longva, som skikken var. Han døydde ikkje før i 1681 og vart såleis ein svært gammal mann for den tid å vere.
Det er reist ein bauta over Tomas Longva (sjå nedanfor), og den står om lag der det gamle Longvatunet låg.
Tomas var kjend som ein uvanleg driftig kar både på land og sjø. Det vert fortalt at han var ein «grislar» som heldt på med noko støtt. Var det ikkje sjøvêr, spadde han opp nye åkrar eller utvida og stelte dei gamle åkrane. Og på sjøen var han alltid mellom dei første og fremste.
Uår og svolt
Første halvdelen av 1630-talet var ei vanskeleg tid for øyafolket. Torskefisket svikta i lange periodar, og sommarfisket etter lange og andre fiskeslag var også heller smått på dei kjende fiskeplassane. Den velbrukte fiskemarka ut til «stordjupet» gav ikkje lenger mat og inntekter til folk.
Når det i tillegg i denne tida var fleire kalde og våte somrar med dårlege avlingar av bygg og havre, vart det tronge tider med svolt og naud både på øyane og Sunnmørskysten elles.
Desse tilhøva skapte ein sterk trong for å finne utvegar som kunne bøte på dei vanskelege tidene. Ikkje uventa var det Tomas Longva som skulle finne ein utveg.
Nye fiskeplassar
Han sette seg føre å undersøkje havet utanfor den kjende fiskemarka, og rundt 1630 heiste han seglet på åttringen og styrte «ut og nord» mot det ukjende.
Målet var å finne nye plassar, «grynne», der det kunne vere fisk, og difor lodda dei djupna undervegs. Og etter ein dags seglas stoppa loddet på under hundre famner, og då visste Tomas og dei andre i båten at her kunne det vere fisk!
Og fisk var der – skikkeleg storfisk av kveite, lange og brosme – i store mengder. Dei hadde funne Storegga, som i alle år sidan har vore sunnmøringane sitt skattkammer. I dårlege år berga denne fiskeplassen liv, i gode år gav han inntekter og skapte velstand.
Etter å ha vore sakna i fleire dagar, vekte det stor åtgaum då Tomas la til land på Longva med båten full av storfisk. Snart gjekk gjetordet om denne nye fiskeplassen over alle øyane og heile Sunnmøre og endå vidare.
Ny båt – nye metodar
Sunnmørsåttringen var den båten Nordøyfolket brukte i desse tider. Men Tomas tykte den vart for liten til fiske ute på Storegga, så han fekk laga seg ein større båt – ei «skute», som folk sa.
Denne skuta var så stor at Tomas kunne tilvirke fisken om bord i staden for å vente til dei kom til lands, som var det vanlege. Han har med dette «efterladt sine landsmænd et exempel som med fordel kunne efterfølges», skreiv Hans Strøm for 250 år sidan.
Tomas brukte «skuta» i si tid, men folk flest heldt seg framleis til åttringen, som vart kalla «flatbrennar» her på øyane.
Etter kvart frettast det utanfor landegrensene òg at der var så rikt med fisk i havet utanfor Sunnmørskysten, og både svenskar og hollendarar leita seg etter kvart fram til Eggakanten og dreiv fiske der. Såleis la Tomas Longva med si djerve oppdagingsferd grunnlaget for matforsyning og velstand i vide område.
Storeggaraset
Sjølve egga (kanten) på Storegga vart skapt av eit gigantisk undersjøisk ras ute i Norskehavet for vel 8.000 år sidan. Volumet av dei utraste massene er berekna til mellom 3.000 og 5.000 kubikk-kilometer. For gi ei antydning av det enorme omfanget, kan det nemnast at skredmassane raste 800 kilometer ut i havet.
Dette forårsaka ei svær flodbølge (tsunami) som skylde inn mot norskekysten og mot Island, Shetland, Færøyane og Skottland. Langs Sunnmørskysten hadde flodbølgja ei høgde på opptil ti meter, og inne i fjordane kunne den nå opp i femti meters høgde!
Storeggaraset er eitt av verdas største kjende undersjøiske skred gjennom tidene. Her var nok ikkje mange sjelene på desse kantar for 8.000 år sidan. Men dei som var, levde truleg nært sjøen og hadde små sjansar til å overleve den store båra.
Frå Eggakanten skrånar havbotnen bratt nedover frå 100 – 200 meters djupne til om lag 900 meter. Lengda på denne fiskerike kanten er om lag 100 km.
Bauta over Tomas Longva
I 1992 bestemte årsmøtet i Haram kulturhistoriske lag at dei ville reise eit minnesmerke over Tomas Longva. Seinare vart det, i samråd med Solveig Krogsæter og Atle Longva, bestemt at steinen skulle stå ved tuftene etter den gamle Longvagarden, der Tomas levde i si tid.
Sommaren 1996 var arbeidet med bautaen kome så langt at HKL fastsette datoen for avdukinga til 1. september same året. Men mykje stod att og tida var knapp fram til den fastsette datoen. Mellom anna måtte det ordnast med avkøyrsle der bautasteinen skulle stå, det skulle lagast fundament, og steinen skulle støypast fast.
Med «god manns hjelp» vart alt ordna slik at steinen stod klar til dagen som var bestemt. Plate med inskripsjon vart laga på Peilo Teknikk (no Rolls-Royce) og skrudd fast to dagar før avdukinga.
Mange «prominente» personar og mykje folk elles var til stades avdukingsdagen. Det var fiskarveteranen Sverre Farstad frå Lepsøya som fekk æra av å føreta avdukinga.
Elles var det mange som hadde ordet under seremonien:
Harald B. Haram frå HKL helste velkomen; formannen i HKL, Palmar Fjørtoft, fortalde om pioneren Tomas Longva; Svein Røsok bar fram helsing frå Sunnmøre og Romsdal fiskarlag; dåverande ordførar Margrethe Tennfjord helste frå Haram kommune.
Flem skulekorps opna avdukingshøgtida med «Mellom bakkar og berg» og avslutta med «At far min kunne gjera».
Etter avdukinga var det samling og samvær for innbedne gjester på Gunnabuda.
Teksten på minneplata på bautasteinen lyder slik:
Tomas Longva
fødd på Fjørtoft
1589 – 1681
fann Storegga i 1630-åra,
– sunnmøringane sitt skattkammer.
Denne bautaen står ved tuftene etter
den gamle Longvagarden
Kjelder:
Årbok for Haram kulturhistoriske lag 1995
Årbok for Haram kulturhistoriske lag 1996
Olaf Fjørtoft: Storeggfiske i Haram
Bauta over Tomas Longva
Wikipedia