Tonar og tekst til øyre og hjarte!
Det løsnar i konsertverda. Kor For Oss og vokalgruppa Frisk Bris fanga mange svoltne på konsert i Nordøy Grendahus, til smakfull sang og kjærleik.
Endeleg
Kor og grupper som ikkje har fått øvd som vanleg på eit par, kunne endeleg få prøve seg igjen. Dirigent Jens Aksnes i Kor For Oss var klar på at eit par år ut av trening, var tøft å ta igjen. Dei har nokre gamle svisker på repertoaret, men også eit par nye for koret, Jahn Teigen og Ane Grethe Preus låtar er ny mark. Gro Dalen er musikalsk leiar for Frisk Bris frå Ålesund, ja ein Liten Kuling meinte Jens Aksnes.
Limet i ein god konsert
Når folk samlast for å høyre musikk, vil dei også ha den gode praten og den gode maten. Det var sett av tid til kosen, både før konserten og i pausen. Kaffi og kaker, med og utan, i kopp og på fat – det er konsert med rett krydder. Og ikkje nok med det, lynlotteri med smakfulle vinstar. Her var det kamp om lodda. Hallgeir Remme delte ut vinstane med kommentarar som det passar seg til det gode smilet.
Konserten
Kor For Oss med første avdeling! Skulle ikkje tru at koret hadde hatt ein koronapause. De Lillos melodien ”Rett og slett livet” gjekk rett inn. Så kom m.a. gode gamle Beatles, Jahn Teigen og Frode Alnes. Godlyd, som lydmann Torleiv Austnes sørga for å balansere på sitt lydbord. Her fekk dei 6 menn i tenor og bass rett styrke i forhold til dei 15 damestemmene i sopran og alt. Alltid tilstades når ein treng dei, Hallgeir Remme på bass og Jan Gunnar Aakre på keybord. Topp. Koret avslutta med ein låt som dei trudde var på sin plass på ein konsert i fjor; Heal the World (Michael Jackson), medan den i dag er like aktuell med ufred like ved stovedøra. Tankevekkar.
Vokalgruppa Frisk Bris sang a cappella – utan tonefølgje. Dei skapte tonefølgja sjølve ved rytme og jam. Flest låtar på engelsk, men også eit par norske. ”Eg vil ha eit hus ved havet” passa godt inn her på havkanten.
Mykje kjærleik i songane, kjærleik på varme strender i syd, og satsa på kjærleiken på øyane, men også litt svik. Kjende songar som Jolene og My funny Valentin, dei vakse i salen hugsar nok desse. Vonar at yngre kan høyre kvaliteten i desse melodiane. Frisk Bris var ein liten kuling og fekk velfortent applaus før ekstranummeret, Bob Dyland sin ”Make You Feel My Love”! Med det var kjærleiksstunda over i Grendahuset denne dagen.
Vi skal ikkje sjå bort frå fleire hjarte!
Olav Skarstein