Triveleg kaféhus ved Coop Prix
Tysdagar er det herretreff og onsdagar dametreff på kaféen ved Coop Prix, begge dagar frå kl. 12.00. Alle er velkomne. Her er kaffi tigjengeleg, og “nogo attåt” er å få på butikken. Kaféhuset er finansiert og oppført i regi av Øyrådet, og alt byggearbeid er utført på dugnad. I tillegg til innvendig toalett er her eit toalett med tilgang berre utafrå, med tanke på turistar og andre trengande.

Dametreff på kaféen
Øyrådet vart skipa i februar 2015 og gjorde alt same hausten ei større oppgradering av uteområdet ved skulen, i samarbeid med skulen, Nordøy IL og Haram kommune. I 2016 starta arbeidet med Skulebua, som vart “høgtideleg” innvigd ein regndag i august 2017.

Herretreff på kaféen
Av andre saker Øyrådet har engasjert seg i, kan nemnast breiband/fiberkabel på heile øya, ny arealplan for øya, kjempa for kvileheimen, bevaring av skulen, diverse tilstellingar og andre trivselstiltak. Dessutan prøver vi å få hurtigbåten til Longva i tilfelle ny rute til øyane når Nordøyvegen er ferdig.
Vil du støtte dette arbeidet, så meld deg gjerne som medlem (uforpliktande). Det kan du gjere ved å vippse kr 100 til 121979 og skrive “medlem” i tekstfeltet. Eller betal kr 100 til konto nr. 3910.52.30706 og skriv namnet ditt og “medlem”.