Leiar/kontaktperson: Sigrun Rogne
Epost: si-rogne@online.no Telefon: 995 91 584
UL Fram er eit lite, men aktivt frilynt ungdomslag som driv hovudsakleg med teater. Laget har eit eige hus, ungdomshuset Framtun, som ligg på Rogne.
I tillegg til teatergrupper for born, ungdom og vaksne, arrangerer laget kulturkveldar, bingoar og andre tilstellingar og fungerer generelt som ein møteplass for spesielt Rogne og Nogva, sjølv om medlemmane i laget er frå begge øyane.
UL Fram vart skipa i 1891 og er eit av dei eldste ungdomslaga på Sunnmøre og i Noreg. Framtun stod ferdig til bruk i desember 1959, utvida med kjøkken og møtesal i 1983. UL Fram investerte i nytt og tipp topp moderne kjøkken i mars 2015.
Vi har ca. 100 medlemar der 80 – 90 % er born og unge. Framtun blir mykje brukt av oss sjølve som øvingslokale og framføringslokale for teater. I tillegg er huset mykje brukt til utleige t.d. konfirmasjon og selskap. Med nytt kjøkken på plass har Framtun gode framtidsutsikter!
Påbygg: større scene og meir plass
U.L. Fram har planar om eit påbygg for å kunne få ei større scene og dessutan betre fasilitetar for teaterverksemda og meir lagerplass. Prosjektet er kalkulert til vel 4,7 millionar kroner. Dei har fått vel 1,1 millionar i spelemidlar, men framleis manglar om lag ein million sjølv om ein stor del av finansieringa er dugnad.
Ungdomslaget har kome litt i tidsnaud med finansieringa fordi løyvinga frå spelemidlane står ved lag fram til 8. september i år. Det er siste frist for å kome i gang med bygginga, og då bør helst finansieringa vere i orden. Difor har laget sett i gang ei kronerulling i håp om at folk støttar opp om prosjektet.
Den som ønskjer å bidra, kan betale eit beløp inn på UL Fram sin bankkonto nr. 4005.63.01552. Hugs å skrive kven pengane er frå på innbetalinga!
Sjå teikningar til påbygget her.