Vi e rik – ej vil ikkje vere fattig meir

Vinnargruppa: Rico Røher, Bente-Lise
Otterlei, Håkon Flem, Vilde Ravnestad, Patryk Piasecki og Huynh Trinh.
Rikdom fekk første plass i HUSK Grand Prix på Haramsøy Ungdomsskule torsdag kveld. Full sal som vanleg, fekk servert flott underhaldning i sceneshow og sang.
Tema for årets Grand Prix var ”musikalar”. Her var det nok mykje å velje i, og mykje å bearbeide. Nye tekstar og sceneopptreding, videopresentasjoar og nervar. Mat til kiosken og samarbeid. Vinnarmelodien var frå musikalen The greatest showman med originaltittel This is me.
Gruppa Sjukt Rik til topps
Vinnargruppa fekk godord frå juryen; høgt nivå, veldig god vokal, godt spel og innleving, og publikum var på lag. Håkon Flem i gruppa gjorde ein god innsats både i rollespel og i sang. Han kunne fortelje at det var kjekt å vinne. Dei hadde streva litt med ein god norsk tekst, litt hjelp frå lærarane var på sin plass, men 98% av arbeidet hadde gruppa stått for sjølv. Samarbeidet i gruppa hadde vore kjempebra.
Song og sceneprestasjon

Jury: Kari Nyhus Aksnes, Alice Farstad, Håkon Farstad Brekke, Judith Malen Vestavik og Egil Andreas Davik
Juryen; Judith Malen Vestavik, Alice Farstad, Kari Nyhus Aksnes, Håkon Farstad Brekke og Egil Andreas Davik hadde ros til alle, det var gode prestasjonar både i sang og på scene. I tillegg til vinnarane Sjukt Rik, fekk gruppa Hai Five utmerking for beste sceneshow og Mathea Flem for beste songprestasjon.
Låtane og bodskapane

Raggarane på Harrytur. Brian Fjørtoft, Fredrikke Søvik Rønning, Sanirati Mueangdet, Andrine O.Austnes, Sondre Haram, Audun Høistad Aakre og Frank Hellevik
Mange av tekstane bar farge av det som dei unge er opptatt av og av ting i tida. Kan nemne gruppa Raggarane som opna showet med ein drivande frisk Harrytur til Sverige (Grease lightnin) og gruppa Bare 30 kroner på Coop med songen Imsdal 1994 (Surf’s Up frå Teen Beach Movie). Fyller dokke springvatn på flaske? Er dokke fattige?

Gruppa ”Bare 30 kr på COOP” brukar pengar på Imsdal. Thor Erik F. Lausund, Vea Dhanya, Kristoffer Røynstrand, Mats Lausud, Synne Ulla Otterlei og Angelica Klokk.

Skjønnhetsflekkane med Du e digga. Kim André Farstad, Wiktor Broda, Hanna Fjørtoft,Tomine Vedeld Haram, Aurora Longva og Harald Martinsen (skjult).
Ein låt som ikkje nådde heilt opp, hadde ein tankevekkjande tekst. Låten ”Du e digga” som gruppa Skjønnhetsflekkane framførde (ABBA sine Money, Money og Mamma Mia), tok for seg kroppsidial på Facebook, Snapchat og Instagram. Kampen om skjønnheit og likes! Ein kamp om å vere vellukka på www. Ein kamp som næringslivet enno har i si klamme hand på.

7 Directions på drømmetur. Aurora Smith, Line Flem Olivia Celso Gjerde og Mathea Flem med dans og sang. Morten Elias H.Rogne, Nikolai H.Jørgensen og Stian Brox sørger for feriestemning

Dei tørste satsar på is-te. Daniel Rønstad, Thea Dalhaug Ulla, Noah Klokk, Damian Piaskeki og Eirik Davik

Motorkarane med Teamet til Rocke-Rolf. Framme ved mopeden Ivar Arne Fjørtoft. Bak: Mathias Kolseth, June
Siren Nogva, Bartek Bay, Andrea Milic og Inga Marie Lervåg Aaseli

Dei kule gule. Det handlar om ost. Bianka Broda, Hannah F. Otterlei, Fride Austnes, Naomi Verpeide, Leonora Myren og Jon Petter Haram

Toro-elskera. Kakefest. Jonny-André Haram, Magnus
Kjerstad, Leon Nogva Vedeld, Serina Husevåg, Marita U.Bergsnes og Mari Kjerstad

Hai Five. Svøm for livet. Amelia Levandowska, Maribel Myren, Emma Dalhaug Ulla og Jenny Flem. Hai denne kvelden var Elias Flem og Emilian Wagner.
Vel, naturleg nok fekk mat, drikke, ferie og reise sine tekstar. Det er livet for unge sjeler, dei vil ut, dei vil oppleve, dei vil kose seg med mat og drikke. Men dei har nok også sine djupe tankar i økonomi, handel og aksept. Det viser tekstane.
Gjestartist
Ein tidlegare elev ved skulen, Ane Flem, har jobba mykje med sang og musikk etter tida ved Haramsøy skule. Ho song Always remember us this way av Lady Gaga, og hausta stor applaus. Ho er å sjå og høyre på både You Tube og Spotify.
Haramsøy Ungdomsskule
Over 60 elevar ved skulen var aktive i HUSK Grand Prix. Ei skuleveke gjekk med  til prosjektet. Rektor Kenneth Ulla var  stålande nøgd med sine elevar, dei er både fantastiske og modige, seier han, og dei styrer alt sjølv tekstarbeid, lyd, lys og øving. Det gjer noko med samhaldet, og sidan det er elevar frå fleire klassetrinn i kvar gruppe, så lærer dei å kjenne kvarandre på ein betre måte. Sjølvsagt vert det ein del ekstra arbeid på lærarane, men dei tel ikkje timar i eit slit positivt prosjekt.
Olav Skarstein


