Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av kulturarven vår. Den gir alle rett til å ferdast og opphalde seg i utmarka i Noreg.

Postkasse TverreidetOg her på Flemsøy/Skuløy har vi nok av utmark å bruke for turar, trim og rekreasjon. Både i lavlandet, i skogen og på fjellet er det mange turstiar fordelt utover heile øya. Mange av dei er godt merka med skilt, og idrettslaget har plassert utover postkasser på strategiske plassar, slik at folk kan «bevise» at dei har vore på staden.

«Toppturen» er sjølvsagt opp på fjellet Skulen, som med sine 492 meter over havet er det høgste fjellet på Nordøyane. Turen opp kan ein starte fleire stader, både på Nogva, Rogne, Longva og Flem, og dei skilta stiane er lette å følgje.

tursti-skulenOppe på toppen er det ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar, og på ein klar dag kan ein sjå frå Vevang i nord til Stadt i sør. I aust ser du Romsdal og Sunnmørsalpane og i vest det endelause havet. Det er planlagt å plassere ei hytte på Skuletoppen der folk kan nyte medbrakt niste og den flotte utsikta, kanskje grille eller til og med overnatte.

Mange andre stader er også eit besøk verdt, som til dømes Rogneholmen, ein stor holme på sør-austsida av øya. Der kan ein rusle rundt og nyte roen og stilla, eller studere fugle- og plantelivet. Ein kjem dit sjølvsagt med båt, men nokre få gonger i året kan fjøra vere så stor at det er mogleg å gå til fots.

Badeliv i Sandvika

Badeliv i Sandvika

I andre enden av øya – ut mot havet – ligg eit idyllisk ubebygd område som vert mykje brukt til friluftsliv og rekreasjon. Her kan ein m.a. ta fot- og sykkelturar på ein gammal grusveg som går frå Skarleet heilt ut til Støene (Uri). I dette området ligg òg det fine og populære strandområdet Sandvika.

Frå Støene til Nogva (eller omvendt) er det ein flott fottur i uberørt natur på «baksida» av øya der fjell møter sjø med berre ei smal landstripe imellom.

Andre turmål på den ytste, nordvestre delen av øya er Geita, ein bergnabb heilt ut mot havet, og to små hellarar like utanfor Skarleet kalla Storekyrkja og Lisjekyrkja.

Tursti DjupedalenDei som vil ha seg ein fin trimtur utan for mykje kupert terreng, kan setje bilen på parkeringsplassen ved gravstaden og gå innover Midtrimvegen. Ved Rogneskulen svingar du til venstre oppover ein ny veg, over endå ein kryssande veg og vidare opp til fjellfoten. Derifrå er det berre å følgje stien utover Djupedalen (biletet) og så ned igjen til utgangspunktet.

På turen passerer du to gapahukar der det går an å ta seg ein rast og nyte noko medbrakt eller berre kvile kroppen.

Eit anna tips er fjørevandring. Ein tur langs sjøen byr på mange ting å sjå og utforske, og søkjer du nedstressing, ro og fred, finst det knapt nokon betre stad enn fjøra.


Share