1. Mai tog med hestekrefter
Eit folketog av bilar, veteranar, store amerikanske flak, tøffe nyare bilar og utrykningsbilar med god avstand og høveleg tal med folk i kvart køyretøy. Rimeleg bra motorstøy.
1.Mai vart markert på ein spesiell måte på Haramsøy og Skuløy/Flemsøy. Bilklubben Seaside Custom organiserte ein bilkortesje som bølga seg fram frå Nogva i nord til Haram i sør. Meir enn 40 doningar snegla seg fram og vinka tilbake til mange oppmøtte langs vegen. Med flagg! Seaside Custom oppmoda folk om å bli verande i bilane under seansen, sidan det ikkje var noko felles arrangement utanom kortesjen.
Få vere litt i lag
I ei tid med stengsler, forbod og reglar er det fint å få vere litt i lag. I lag med naudsynt avstand og varsemd; det var litt som å slå ut håret (som snart vert sussa), få litt luft i lungene og sjå litt fleire folk enn familie og nabo. Litt duskregn gjorde ingen ting på stemninga. Nokon nytta høvet til å trø litt hardt på gassen for å få ut litt gromlyd frå eit utal av hestekrefter som hadde vore i kvile.
Fartøy
Lincoln og Corvette, Saab og Volvo, Toyota og BMW, ja her var dei representerte saman med fleire andre i bilfamilien. Men også brannvernet på desse to øyane nytta høvet til å køyre testtur med nye utrykningsbilar. Veteranbrannbilen, ein Dodge med det erverdige skiltnummeret T-1902, var også med på turen – glad for å ikkje lenger å vere i teneste.
Eit fint bilmiljø har utvikla seg i Seaside Custom, der ein tek vare på flotte bilar, eldre og nye, der det er høve til å restaurere bilar i forfall og der det er høve til å vere i lag og dyrke lidenskapen til bil. Dyrke trafikktryggleik.
- Mai tog
Ingen plakater eller banner, men norske flagg og tilrop gav ei fin mai og vårstemning. Vel, der var eit banner festa til ein av brannbilane. Vona om at ting skal betre seg, lyste frå ein av bilane; ALT BLIR BRA! Etter at kortesjen hadde snegla seg gjennom dei smale vegane, enda turen ved Haramsøy Skule, der bilane vart parkerte side ved side og folket fekk seg ein prat om både bil og bil – men med avstand.
Vellukka 1. Mai etter forholda og med stor respekt for smittevern.
Olav Skarstein