1000 vitja HaNo-dagane

Torunn Tusj samlar unge rundt seg og skapar eventyr
Det er nesten så ein ikkje trur det. Eit lite samfunn dreg folk av huse til salsmesse, moro, mat og fotball i to dagar. Haramsøy og Flemsøy/Skuløy som er knytt saman har ca. 1200 innbyggjarar, og HaNo er fotballklubben. Full Nordøyhall.

Lanullva. Kirsten Solem viser ullplagg til Bianka Broda og Andrea Milic
47 med utstilling, varesal, matvarer og smaksprøver, kunst, foto, tenester, lag, softis og sjokolade. Dessutan kafé med middagsrettar og kaker. Fotball ute og moro for born inne.

Andrea Gunnarstein Austnes i Seaside Custom sitt bilspel

Modellar på catwalken. Marion Høistad Bergheim, Britt Tove Vedeld Molnes og Lise Tomren Fjørtoft
Moteshow på catwalken med små og store, med varer frå seks av utstillarane. Eit utval som kan halde deg i aktivitet heile helga. Det er mange som stoggar opp og pratar. Sosilalt samvær som er bra for helsa. Både den flotte hallen og vêret ute er på lag.Gøy for dei unge. Litt av kvart, eit lite luftslott for dei minste, jungeldyrkøyretøy for dei litt eldre borna, luftgeværskyting for dei modige, nokre var så pass gode at jaktprøva var om lag på plass. Stor aktivitet og høgt lydvolum som ein stor hall dempa til leveleg.

Per Gunnar Øines instruerar Morten Elias Hjørungnes Rogne i luftgeverskyting
Så kom Torunn Tusj. Avslutning av ”Sommarles”, der born i kommunen har delteke i leseaktivitet i regi av biblioteka. Torunn Tusj samla nordaust i hallen minst 50 born til eventyr. Imponerande mange kunne leiar ved Haram folkebibliotek, Lisa Alvestad, melde. Med uttrekte og kontrollerte stikkord, Panda, Einhjørning, Prinsesse, Sondre og Hest – serverte Torunn Tusj eit eventyr, både med tekst og fysikk, som engasjerte alle borna.
Sommarles i regi av biblioteket, har vore med å gje born leselyst. Overkomlege krav til å ha lest eller høyrt på minst 5 bøker/lydbøker, så er du med i trekning på flotte premiar. Lesehestar på øyane venta spent på resultatet, Lisa Alvestad hadde trekninga klar i sin låste plastpose, premie til Noah Longva Hagen, Lone Otterlei Austnes og Swantje Tasler.

Ane Flem i Castle on the Hill!
Underhaldning frå scena. Søndag hadde Ane Flem leita fram to songar som ho kunne glede alle i hallen med. Flott stemme og sikker framføring av Cold Play sin Yellow og Castle on the Hill av Ed Sheeran. Høyr henne på YouTube og Spotify.

Damelaget til HaNo avsluttar med ”Oss er dei kvite og blå”
Damelaget til HaNo var i stor stemning etter sin siger over Herd, rett frå kamp og opp scena der dei sang damelaget sin ”Oss er dei kvite og blå”. Fin avslutning på vellukka HaNo-dagar.
Olav Skarstein
