55-årsfest for skulekorpset
Flem skulekorps vart starta i 1961 og er dermed 55 år gammalt. Berre halvrundt altså, og jubuleumsfesten måndag 7/11 var heller ikkje av det store formatet. Festleiar Lidvar Rogne ønskte då også velkomen til øving, sidan måndag er fast øvingsdag.
Men korpset hadde alt øvd, det var tydeleg, for det klang reint og fint då dei opna festen med nokre både rolege og meir livlege låtar. Om jubiléet var etter måten enkelt, var kakebordet gedigent, og etter at korpset hadde avslutta sin velkomstkonsert, var det fritt fram for å forsyne seg. Og kakene fekk bein å gå på; dei fall i smak, det var tydeleg.
Så var det quiz, der kvart bord skulle samarbeide om å finne dei rette svara. Alle spørsmåla hadde med skulekorpset å gjere. Deretter bytte borda ark og retta til kvarandre og gav poeng. Eit vinnarbord vart utropt, men det var tvil om resultatet ettersom poenggjevinga var høgst variabel.
Ein god del folk hadde funne vegen til festlokalet denne måndagskvelden. Der var foreldre, besteforeldre, gamle dirigentar og musikantar og andre korpsvenner i tillegg til korpset sjølv med om lag 25 musikantar.