Ad hoc-synfaring på Kvileheimen
Den kommunale ad hoc-komitéen var onsdag 25. mai på synfaring på Haram kvileheim på Longva. Føremålet var todelt: 1) å sjå på og få informasjon om bygget og 2) å møte dei tilsette for å høyre deira synspunkt på den planlagde endringa av kvileheimen og kva dette vil bety for deira arbeidssituasjon.
Trass i at synfaringa var midt på dagen – frå ca. 13.00 til 14.00 – var det møtt fram over hundre små og store personar som ville syne sitt engasjement og gi uttrykk for kor høgt folk verdset Kvileheimen og kor mykje han betyr for lokalsamfunnet.
Mange hadde laga plakatar med parolar som «Vi vil ha kvileheimen vår», «Vi vil ha døgnbemanning», «Vi vil besøke våre gamle HER!» og fleire. Demonstrantane tok stilt og roleg imot ad hoc-utvalet då dei kom til Kvileheimen, og etterpå fekk utvalet overlevert alle plakatane.
Første punkt på programmet var synfaring gjennom heile bygget. Som fagkyndig orienterte Kåre Beite om bygget, og avdelingsleiar Ann Kristin Berg orienterte litt om «pasientromma» og leiligheitene. Eksisterande plan går ut på å slå saman to og to «pasientrom» til større bueiningar.
For små bad
Det er særleg bada som er for små etter dagens standard, noko som m.a. gjer det ekstra tungt for personalet å hjelpe bebuarane. Ein idé som vart lansert for å løyse dette, var å slå saman to og to bad (som ligg vegg i vegg) og lage eitt større som kunne vere felles for to rom. Såleis kunne ein behalde sjølve romma som før og unngå å redusere talet på pasientplassar.
Møte med personalet
Etter synfaringa var det møte med personalet inne på stova. Rita Kvinge heldt eit godt og velfundert innlegg på vegne av dei tilsette, der ho orienterte om deira syn på konsekvensane av dei planlagde endringane av Kvileheimen – om kva det vil ha å seie for dei gamle og deira pårørande, om kva det vil bety for dei tilsette som må pendle til Vatne eller andre stader, og kva det kan få å seie for kommunen om omsorgskompetanse skulle «flagge ut».
Dei tilsette sin konklusjon og forslag er at der framleis skal vere døgnbemanning på Kvileheimen og at basen for heimebasert omsorg vert flytta dit. Dagsenter er alt i full sving, og på denne måten kan ein få eit godt omsorgssenter.
Berre orientering
Elles var ad hoc-komiteén (med ordføraren på slep) på ein rein orienteringstur, så det var lite signal å få om kva dei meinte om saka og om kva råd dei vil gi til kommunestyret når den tid kjem.