Adventsfest med Putti Plutti Pott
Full sal på Rogne, barnegruppa til UL Fram synte sin eigen versjon av Putti Plutti Pott, Rognenissane vart ropt fram av barnestemmer med utruleg høge desibelverdiar. Kakebord og gang rundt juletreet. Jula er like om hjørnet!
Allereie dagen før traff vi på to unge gutar på buda som både gleda seg og grua seg til å opptre på scena. Både dei to og alle dei andre 40 borna tok salen med storm, med klare stemmer og flott song. Såg ingen scenenervar på den flotte scena, ei scene med elegante skiftingar. Og salen var full til siste stol, med scene og sal kunne ein telje 300.
Adventssong
Tenk å ha ein eigen adventssong, ein tekst skriven av Elias Rogne midt på 1980 talet. Tonen er kjend – Julekvelsdsvisa. Og songen ljomar frå scena kvar einaste adventsfest frå klåre barnestemmer. Den skapar stemning, den skapar glede. Den er god!
Putti Plutti Pott – Vi ha’kje tid…..
Per Aspelin, kjend frå filmroller og masse god musikk, best hugsa av born både då og no for Putti Plutti Pott (1969), om Nissen sitt magiske sjegg, eit sjegg som vart borte, eit sjegg ein måtte finne att. Magien lever, spenninga lever og songane er liksom tidlause. Vi ha’kje tid, vi må finne sjegget. Spikke-sage-lime-banke!!! Klippe-klippe-klippe-klippe..!
Vil du vere med så heng på, ut i den skumle skogen i Nisseland. Ut å finne sjegget. Putti Plutti Pott (Petter Høistad Bergheim) fører ann. I den store nisseverkstaden fekk vi møte Verkstadnissar, Bakenissar, Pakkenissar og Ekspedisjonsnissar. Full rulle med juleførebuing, dans og sang. Nissen sitt magiske sjegg som forsvant i skogen, kom til rette gjennom ein pakke adressert til Julenissen. Nissane nytta seg av ”sakte kino” for å kome seg fort fram. Hærleg sekvens.
Borna levde seg flott inn i rollene, songane vart flott framførde. Dyktige solistar sto fram. Heile seks born var solistar, må neme dei med namn: Sandra Fjørtoft, Hedda Ulla Otterlei, Ingrid Flem, Frøya Søvik Rønning, Margrethe Rogne og Adrian Vedeld Molnes.
Ein ny og ein med erfaring. Noah Longva Hagen og Petter Høistad Bergheim, kunne etter framsyninga kose seg med kaker og brus. For Noah var det første gongen, kunne nokre av dei mange songane. Petter, som hadde rolla som Putti Plutti Pott, kunne heldigvis songen sin: Putti Plutti Pott. Båe to hadde positive opplevingar med dei mange øvingane, gøy å øve – gøy å vere i lag.
Ekte nissar!Rognenissen! Rognenissen! Sjølvsagt kan ikkje nissen motstå ein slik muntleg og kraftig SMS. Lett forfjamsa med sine gåvesekkar, fekk nissane med seg alle dei yngste (og yngre pluss) til ein fredeleg krok der gåver kom i glade hender. Litt skummelt for dei yngste, men med ei kjend hand å halde i, så kunne alle puste letta ut.
Kaker, lodd og juletre
På forunderleg vis vart den fullsette salen omdanna. Bord kom på plass og kaffi kom i kopp. Eit hav av kaker fekk bein å gå på. Lodd og kroner skifta eigarar – det same skjedde med masse flotte gevinstar og lodd.
Tre ringar rundt juletreet, høge vaksne og låge born i kroppslege utfordringar song seg gjennom dei julesongane som er veldig kjære for mange av oss. Det lyser i stille grender, Så går vi rundt om en enebærbusk- så gjør vi så – og ikkje minst Deilig er jorden! Høgtid! Jens Aksnes på tangentane.
U.L. Fram legg kvart år ned ein stor innsats for gje born og vaksne ein flott førjulsfest. Ei god sosial stund, der kav og mas med julestrida kan leggjast til sides – til fordel for hyggeleg samvere og masse kaloriar.
Olav Skarstein