Adventsfest med reise til Julestjerna
Det er stas med adventsfest på Rogne med Rognenissane på plass, gang rundt juletreet, masse kaker og ikkje minst, ei knakande fin julefortelling frå scena; Reisa til Julestjerna. Ingen hadde rekna med Blånissen.
Ein fest som dreg fullt hus år etter år. Om det er kakene, nissen eller julefortellinga som dreg mest folk, er ikkje godt å seie. Truleg litt av alt, men det som skjer på scena er alltid verd å få med seg. UL Fram imponerer gang på gang frå scene. Adventsfesten er barngruppa sin fest. Dei har vist mange flotte forestillingar dei siste åra, vi har Putti Plutti Pott, Dei fattige si jul og Ein støvel utan tå i friskt minne. Reisa til Julestjerna har vore vist før, men no med nye born på scena.Reisa til Julestjerna, skriven av Sverre Brandt i 1924, engasjerer og gleder enno, snart 90 år etter stykket vart oppført for første gang.
Prinsesse Gulltopp kom bort i skogen etter si leiting etter den ekte julestjerna. Ho kom ikkje attende og kongen forbanna julestjerna.

Greven vil ta livet av Sonja. Heksa hindrar han. Audun Høistad Aakre, Mathea Flem og Thea Dalhaug Ulla
Ei fin historie om makt, vonde krefter, svik, venskap, gode krefter, flørt og kjærleik. Sonja spelt av Thea Dalhaug Ulla, leverte heilt prinsesse. Ho hadde ein god solo med ”Sonjas song til Julestjerna”. Flørt og ekteskap? Det vart med flørt, for uansett kor hardt Ole (Kasper Dalhaug Ulla) prøvde seg, så hadde Petrine (Nora Austnes) sine friarar på ei armlengd avstand. Mange, mange flinke jenter og gutar i ei elegant reise mot Julestjerna.

Fuglane og Sonja. Celine Fjørtoft, Hedda Ulla Otterlei, Johanne Farstad Rogne, Ingrid Flem, Frøya Søvik Rønnong og Thea Dalhaug Ulla
Kvitrande fuglar, julenissen i arbeid, Nisselise og snøfnugg i dans!
Tradisjonen tru, var Rognenissen klar til innsats. No ropar vi på Rognenissen.
Men brått kjem ein annan nisse. Blånissen. Vi ventar på Rognenissane som skal kome med gåver til alle borna. Men Blånissen kom først med ei kjempegåve til UL Fram. Noko frå Blånissefondet som han sa. Kjent også som Gjensidigefondet – eit fond som er med på å realisere gode samfunnsmessige prosjekt. UL Fram har jobba for å finansiere ei utbygging av scena, lager og garderobe. Treng så sårt betre plass. Den store julegåva. Gjensidigefondet kom med ein sjekk på Kr 651.945,- som Sigrun Rogne og Kari Kolseth fekk gleda av å ta imot på vegne av laget. Ei overrasking i megaklassa. No kan UL Fram bygge, no kan Rognenissane kome til sin rett.
Kvelden femner over eit vidt spekter, salen er liten og stemninga stor. Det må ryddast mellom aktivitetar, frå scene til mat – kakebord du veit, frå mat til gang rundt juletreet. Inn i mellom har Rognenissane fanga borna med sine gåvesekkar. Gåve til alle – kor populæt kan det vel bli?
Olav Skarstein