All that Jazz!
The big band and Andrews Sisters! Kunne godt ha vore desse, men sidan 1940 talet er passert, svinga Nordøyane Storband og sisters her på Møre opp med kjende melodiar på sin måte. Topp konsert!

”The Andrews Sisters” ved Linda Nogva Vedeld, Marit Klokk Flø og Kristin Flem Velle i Shoo-shoo Baby!
Konsert
Nordøyane Storband og ”Andrews Sisters” (Linda Nogva Vedeld, Kristin Flem Velle og Marit Klokk Flø) drog fullt hus søndag ettermiddag. Dei serverte både jazz og sving, storband og solo, Rum and Coca-cola med sikre vokalstemmer. Eit dykk i låtar som eldest, men er så i live den dag i dag.
Nordøyane Storband (vi seier NSB), drog i gang nokre gode storbandmelodiar. Må dra fram” C’est si bon”, ein fransk låt som også Louis Armstrong har hatt suksess med. På pianosolo fekk vi høyre Pål Forr Austnes. Han tok turen frå Lausanne i Sveits til Longva berre for å traktere tangentar på denne låten pluss nokre til. Magisk.
Til låten ”Bounce me brother with a solid four” svinga ”The Andrews Sisters” seg inn i konserten. ”Sister” Kristin Flem Velle, oppvaksen på Flemsøy/Skuløy, ”Kjekt å sjå så mykje folk – men no vart eg nervøs. Men vi har gleda oss så til å kome til øya, blir så godt tekne i mot! Hus, seng og mat”. Andrews Sisters herja i den 2. verdskrigen, underheldt soldatar med heimlengsel, ikkje rart at dei spratt ut av køya når Andrews Sisters sang ”Boogie Woogie Bugle Boy”. ”Rum and Coca-Cola” var utruleg populær i si tid, og er framleis ein låt som ofte vert plukka fram i kor og orkester.
Andre avdelinga var minst like god, no kom søstrene på bana igjen, med nye kostymer, med glitter og nye songar. ”Candyman”, ”My funny Valentine” og ”All That Jazz”.
Sistnemnde ,”All That Jazz”, frå musikalen Chicago, ein låt som bygger opp forventning, forventning til musikalsk ekstase. Nydeleg med Kristin Flem Velle i hovedrolla!
Med ”Thunderbird” fekk dirigent Arvid Steen høve til ein ”takk for sist” til leiaren i NSB, Evy Hellebust Rogne. Sidan han måtte ta teksten mellom låtane, fekk ho ein tøff jobb med bassound på sax i denne låten.
Siste låten ”My baby just cares for me” ebba ut til stor applaus og eit ekstra nummer.
Dirigent Arvid Steen
Dirigenten i NSB er fornøgd. Flott med sang til storband, særleg når ein kan jobbe med så dyktige solistar. Andrews Sisters var dyktige med tette harmoniar. Desse tre flinke damene her får til – akkurat det. Tette harmoniar. Sang til storband er ein inspirasjon til NSB, seier Steen. som det skulle. Så er det utruleg kjekt å kunne optre framfor ein full sal.
Publikum

Flott musikals ettermiddag. Birgit Kjerstad, AtleLongva, Hanne Kleinhans Krogsæter, Mette Krogsæter og Uwe Kleinhans.
Kjempe flott. Det var sprudlande, ja gamal musikk som svinga. Likte å få informasjon om musikken si historie mellom melodiane. Familiane i P-garden og Krogsæter/Kleinhans hadde hatt ein flott musikalsk ettermiddag.
Olav Skarstein