Alle lika Grandiosa
Gruppa ”Geir’s Gang” slo til på HUSK Grand Prix på Haramsøy Samfunnshus med låten ”Norges Mest Etne Pizza”. Flott sceneshow og fengande sang. Både fagjury og publikum var samstemte.
HUSK (Haramsøy UngdomsSKule) –Kule -stod for eit flott arrangement med fullt hus – meir enn 300 sjeler – ramma for Grand Prix var musikk frå 90 talet – nye tekstar produsert av skuleelevane – mat og sjølvsagt pizza og snop i kiosken. Torsdagsfest.
Godt jobba
Det er ikkje berre sang, tekst og musikk, elevane har jobba med kostymer, sceneshow, lyd og lys. Eit prosjekt der elevane skal ordne det meste. Ei heil veke har gått med til førebuing, og elevane har jobba knallhart for å kome i mål. Utanom at musikken skulle vere 90 tals, har det ikkje vore føring for spesielle tema eller bodskap. Her har fantasien fått viljen sin. Likevel skin det klart gjennom det som interesserer dei unge, det dei tenkjer på og pratar om.
Låtane
Elevane hadde valt mange gode 90-tals låtar å jobbe med, frå Michael Jackson til Vazelinas Bilopphøggers. Ti grupper og ti låtar. Forutan pizza på bordet, fekk travelt ungdomsliv sin tekst, sosiale media med blogg, stor i kjeften og Volvo turbo, Nordøyvegen og ferjeslakt. Og det vanlege om sport og lågtrykk med sørvest og regn. Ja, og kanskje det som dei ikkje pratar så mykje om. For inn i ein låt finn vi linja, ” Men inni mej e ej trist og grå, D e nokke der som plaga mej, En følelse som ikkje gjeng vekk”. Det brusar i ungt blod, alle vi vaksne som har vore unge, veit det. Det nyttar å forstå, kanskje kan vi hjelpe med det triste og grå. Vi må i alle fall vite at det ikkje alltid berre er solfylte dagar. Vi kan ha det som ein tankevekkjar!
Publikum og ein fagjury delte likt på å stemme fram vinnaren. Som nemt var dei samstemte. Judith Malen Vestavik i juryen kunne fortelje at dette hadde vore vanskeleg. Mange gode prestasjonar både på scena, i låtane og i framføringa. Beste vokal gjekk til Vilde Ravnestad og Sigurd Flem i låten Vinnerland. Av dei mange gode sceneshowa fekk Army of Sunnmøre prisen, medan Geir og gjengen, tunge på pizza, hadde både show og låt (Livin da vida loca) som gav dei sigeren totalt. Frida Otterlei gav låten ein eigen dimensjon gjennom sitt spel med ein fullstappa pizzamage. Ho var eit skodespel i seg sjølv. Kjempebra.
Teknisk etat
Miksebord for lyd, lys og film. Her styrer skuleelevane. Dei bytter på i samsvar med andre oppgåver. Det gjekk ikkje heilt smertefritt, eit par tilfelle av manglande mikrofonlyd. Men du verden kor profesjonelt dei retta opp feila. Stopp og start på nytt – lyd på plass, HUSK Grand Prix fungerte heilt perfekt!
HUSK
Som i alle Grand Prix er det mange gode låtar. Det er vanskeleg å velje ein låt. Det er likevel lett å velje stemning og velvere. Velje å like, velje å like HUSK.
Olav Skarstein