Arbeid for tilflytting
Øyrådet har innsett at det må tilflytting til for å oppretthalde barnetalet på øya. Det er difor inngått ein to-årig avtale med firmaet Placement, som har spesialisert seg på å «hente» folk frå Nederland og Belgia som ønskjer eit rolegare liv med god plass og frisk luft.
Eigaren og drivaren av Placement, Gert Rietman, heldt eit foredrag på folkemøtet 26. januar om firmaet sitt og om kva som skal til for å få folk til å flytte til små stader og busetje seg her. Rietman er frå Nederland, har budd mange år i Noreg, snakkar godt norsk og er til og med kommunestyremedlem i Ørskog, der han bur.
Placement vart starta i 2003, og sidan den tid har dei «henta» over 3.000 personar som har busett seg i Noreg. Det store fleirtal er frå Nederland, men òg ein del frå Belgia og nokre frå Tyskland. Dette er gjerne ressurssterke folk, og ein stor del av dei har starta eigne verksemder.
Øyrådet inngjekk avtale med Placement i haust, og så langt er det opparbeidd kontakt med fleire familiar som kan tenkje seg å flytte og slå seg ned på øya. Det er folk med ulik bakgrunn, frå dei som kan tenkje seg å forpakte ein gard til røyrleggar, helsearbeidarar m.m.
Gert Rietman fortalde detaljert om seg sjølv og sin bakgrunn, om firmaet og arbeidet som vert gjort for å skaffe «livsstilsflyttarar» til Noreg. Det vert stilt nokså strenge krav til dei som skal kome, mellom anna at dei skal ha god økonomi og at dei skal ha gått norskkurs.
Han peika òg på at det krevst ein del av lokalsamfunnet for at folk vil flytte hit, busetje seg og bli verande. Arbeid er viktig, men trivsel er heilt avgjerande for at tilflyttarar skal gro fast. Såleis må bygda ta vel imot dei som kjem og hjelpe til så den nye familien vert integrert så fort og godt som mogleg.
Det tek tid før Placement sitt arbeid gir konkrete resultat. Det er mangt og mykje som må ordnast før ein familie kan bryte opp frå heimlandet og flytte til ein ny stad. Arbeidsforhold skal avsluttast, nytt arbeid ordnast på ny stad, ny bustad må på plass og den gamle kanskje avhendast, skulegang avsluttast osv.
Men som nemnt er kontakt med fleire interesserte familiar oppretta, og nokon av desse vil truleg kome på «synfaring» i løpet av våren.