Årsmelding 2016 for Øyrådet for Flemsøy/Skuløy.
Øyrådet vart skipa 25.februar 2015 med formål om å «fremje utvikling og vekst på alle område i lokalsamfunnet, for å sikre at øya også i framtida skal vere eit livskraftig samfunn.» Årsmøtet for 2015 vart halde den 23/2-2016. Ekstraordinært årsmøte vart halde 19/4-2016, der Lidvar Rogne vart gjenvalt som leiar. Konstituerande møte for styret i øyrådet vart halde 18/5-2016. Styret består av leiarane av arbeidsgruppene i øyrådet, med nestleiarar som varamedlemar i styret:
STYRET I ØYRÅDET 2016: | Varamedlemer i styret: |
Lidvar Rogne (leiar)
Mette Krogsæter (nestleiar) Tanja Mjøs Otterlei (skrivar) Bjørn Longva (kasserar) Knut G. Flem Gjertrud Longva Joar Haram |
Severin Longva (Tilflytting)
Trond Ravnestad (Informasjon) Knut G. Flem (Økonomi) Birgit O. Kjerstad (Arbeid og næring) Grete Vindsens (Trivsel) Gjertrud M. Longva (Bustad) |
VALNEMND 2016: | REVISORAR 2016: |
Roy Kolseth (leiar)
Martin Aure Karoline Urke Øines. Vara: Severin Longva |
Sigrunn Kjos Longva
Sissel A. Nogva |
Styret i Øyrådet for Flemsøy/Skuløy har hatt 8 ordinære styremøte i 2016, og har hatt oppe tilsaman 45 saker. Arrangement/saker som Øyrådet har stått for eller vore involvert i:
- Folkemøte om Nordøyvegen og Placement. (26/1-2016)
- Besøk frå NRK Nomino februar 2016. (Programinnslag på NRK 6/9-2016)
- Vårfest 5/3-2016.
- Opning av den nye skuleplassen 29/4-2016. (Samarbeid med FAU)
- Havgaprock 9/7. (Hjelpte til med praktisk arrangement/ vakter.)
- Seminar om Marin Næring 26/9-2016.
- Kvileheimssaka.
- Nordøyvegen.
- Pådrivar for Breiband til Øyane.
- Oppfølging av det 3-årig bygdemobiliseringsprosjektet som Øyrådet er med i.
- Oppfølging av engasjementet med Placement. (Tilflytting .)
Styret har hatt til oppgåve å koordinere aktiviteten i arbeidsgruppene, og å samarbeide med aktørar utanfor øya. Arbeidsgruppene har stått for ein stor del av aktiviteten i øyrådet, og dei blir difor nemnt i årsmeldinga med eigne «årsrapportar» :
Årsmelding for Informasjonsgruppa 2016
Medlemer: Marion Bergheim, Andreas Flem, Odd Einar Molnes, Tanja M. Otterlei, Ewa Piasecka, Trond Ravnestad, Olav Skarstein, Linda Nogva Vedeld, (Knut G. Flem.) Leiar: Tanja M. Otterlei Nestleiar: Trond Ravnestad (Skrivar: Knut G. Flem) Knut G. Flem gjekk ut som medlem av infogruppa tidleg på våren 2016, då han tok over leiarvervet i Næringsgruppa. Han har likevel halde fram med redaktøransvar for nettstaden nordoy.net. Informasjonsgruppa har berre hatt eitt fysisk møte i forkant av årsmøtet 2016. Det har elles vore kontakt medlemane imellom på FB-gruppe, Messenger og e-post. Informasjonsgruppa har vedlikehaldt Facebook-sida og nettstaden. Nettstaden er utvida med ein «blogg» der det kan leggast ut nyhende frå øya. Informasjonsgruppa har elles bidrege med diverse plakatar, billettar og stempel med logo til Øyrådet |
Årsmelding 2016 for Økonomigruppa
Medlemer: Bjørn Longva og Knut G. Flem Leiar og kasserar: Bjørn Longva Nestleiar og skrivar: Knut G. Flem Sidan det er berre to medlemer i Økonomigruppa, har vi ikkje hatt formelle møte, men meir uformelle møte heime hjå kvarandre. Elles går kommunikasjonen via telefon og epost. I tillegg til kasserarjobben har gruppa siste året arbeidt med å skaffe midlar til prosjektet Skulebua. I alt er det samla inn kr. 297.200 til denne. Vi arbeider òg med å skaffe spelemidlar til hytta. Vidare har økonomigruppa medverka til å få midlar til «Bygdemobilisering» – 225.000 kroner over tre år. Kr. 168.750 av desse midlane er så langt utbetalt til Øyrådet. Resten vert utbetalt når sluttrapport er innsendt og prosjektet godkjent. Sjå elles rekneskapen for 2016 |
Årsrapport 2016 frå Trivselgrupp
Medlemmar : Knut Otterlei , Sigrun Kjos Longva, Birgit Fjelle Camilla F.Otterlei, Karianne Urke, Sigrid Rogne, Johnny Austnes, Arnfinn Flem, Berit.U.Standal, Evy M.H.Rogne, Johanne Flem, Judyta Bialkowska Leiar: Gjertrud-Marie Longva- Nestleiar: Grete Vindsnes Aktivitetar: Vårfest. To nye grillar. Havgap-rock. Coop tilbygg.(under planlegging) Klypa m/dans (booka og planlagt 5/5-2017) Grillane har vore i bruk under åpning av den nye leikeplassen på skulen, Havgap-rock, turdag med NIL og åpen dag i fjøsen til Erling Rogne. Det kostar 150,- pr. grill ved utleige. Vi har hatt tre møter |
Årsmelding 2016 for Næringsgruppa Medlemer: Lisbeth Austnes, Jonny Flem, Knut Flem, Birgit Kjerstad, Rita Kvinge, Rolf Longva, Johan Longvanes, Karoline U. Øines Leiar: Knut Flem Det har vore halde ni møte i næringsgruppa sidan førre årsmøte, og til saman 33 saker har vore handsama. Konkrete saker som næringsgruppa har arbeidd med i året som gjekk: ◦ Registrering av arbeidsplassar på øya etter kategoriar: landbruk og havbruk, offentlege arbeidsplassar, maskinentreprenørar, industri og service. ◦ Konferanse/seminar med fokus på marin sektor. Seminaret vart avvikla på Nordøy grendahus 20. september med foredrag om fire tema: 1) næringsutvikling generelt; 2) sjøpølse og kongsnegl; 3) marine ingrediensar; 4) tang og tare. Det var interessante foredrag av høg kvalitet med proffe folk, men lavt frammøte av publikum. ◦ Gruppa arbeider jamt med nye prosjekt som vil kome i tida framover. |
Årsrapport 2016 frå Bustadgruppa. Medlemer: Joar Haram (Leiar), Gjertrud-Marie Longva (nestleiar), Terje Slyngstad, Terje Davik, Jan Arne Longva og Arne Vedeld. Gruppa har hatt to gruppemøter. |
Årsrapport frå Tilflyttingsgruppa.
Medlemer: Mette Krogsæter (leiar), Severin Longva (nestleiar), Uwe Kleinhans, Kåre Flem (gjekk ut av gruppa før jul 2016) Gruppa har hatt 4 møte i perioden. Utover dette har vi hatt kontakt på mail/telefon. Vi hadde i tillegg ein triveleg middag ilag med nokre av bøndene, der vi diskuterte framtida for landbruket på øya og potensialet for tilflytting innanfor denne næringa. Hovudfokus for arbeidet i gruppa har vore å handtere aktuelle tilflyttarar som vi har fått kontakt med via Placement-samarbeidet. Totalt har vi motteke 14 presentasjonar via Placement sidan sist årsmøte, nokre frå familiar og andre frå par uten barn eller med vaksne barn. For dei fleste av desse er utfordringa å skaffe arbeid på øyane, spesielt slik arbeidsmarknaden har vore det siste året. Nokre av interessentane har vi oppfordra til å starte å lære norsk, då det gjer det lettare å få arbeid. Handverkarar må eventuelt også sørge for å få utdanninga si godkjent før dei kan rekne med tilsetjing her i landet. Vi har invitert fleire til å kome på besøk til øya, så dei kan gjere seg kjent med forholda her. Det mest aktuelle Placement-sakene pr. i dag: |
SKULEBUA:
- Ei eiga arbeidsgruppe har jobba med å få opp skulebua: Severin Longva, Knut G. Flem, Jan Arne Longva, Kåre Flem og Arnfinn Flem. Stor takk til desse for å ha planlagt og gjennomført bygging av skulebua frå teikningar til oppsetting. Stor takk også til alle som har bidratt med dugnad. Ein del innvendig arbeid gjenstår. Offisiell opning av skulebua er planlagt til 25.mai 2017. (Kristi Himmelfarts helga.)
8/2-2016, Styret i Øyrådet for Flemsøy/Skuløy.