Årsmøte i Øyrådet onsdag 28. februar
Årsmøte i Øyrådet går av stabelen onsdag 28. februar kl. 18.00 på Flem skule.
Forutan vanlege årsmøtesaker vert det informasjon og høve til diskusjon om saker som Øyrådet for tida er engasjert i og kan tenkjast å engasjere seg i.
Først og fremst arbeider vi no med å få sett opp eit tilbygg til Coop-butikken som skal brukast til kafé. Ikkje med tilsette og sal av kaffi og kaker, men ein plass folk kan setje seg ned og slå av ein prat når dei er på buda. Det blir òg ein plass der turistar og andre «forbipasserande» kan få seg ein kaffikopp, ete nista si og gå på do. Tanken er at kaféen vil styrkje både trivselen og butikken.
Av andre idéar som Øyrådet syslar med kan nemnast:
- Utbetring av råsa til Flemsdemma der det kan setjast opp ein gapahuk.
- Sykkel-/tursti frå Nogva til Støene.
- Samarbeid med våre naboar om planlegging for tida når Nordøyvegen er på plass.
Her vert det høve til å lufte sine meiningar og eventuelt kome med innspel.