Referat frå årsmøte i Øyrådet for Flemsøy/Skuløy
Flem skule 23/2-2016 kl. 19.00-21.00
Tilstades:
Frå Styret: Lidvar Rogne, Joar Haram, Mette Krogsæter, Knut G. Flem (vara), Gjertrud Longva (vara), Tanja Mjøs Otterlei, Johan Longvanes, Arnfinn Flem. (Forfall: Bjørn Longva og Birgit Oline Kjerstad.)
Andre som møtte: Kåre Klokk, Birgit Fjelle, Sigrid Rogne, Karoline Øines, Evy M. H. Rogne, Odd Einar Molnes, Lisbeth Austnes, Arne Borge, Jan-Arne Longva, Atle Longva, Kåre Flem, Severin Longva, Arne Vedeld, Uwe Kleinhans.
- Godkjenning av innkalling og sakliste. Ingen merknader.
- Val av ordstyrar og referent: Lidvar Rogne vart vald til ordstyrar og Tanja Otterlei referent.
- Årsmelding. Godkjend utan merknader, men det kom opp eit spørsmål om kva prosjektet om bygdemobilisering gjekk ut på. Knut G. Flem orienterte om at Øyrådet har fått fylkeskommunale midlar på 225.000 kr over tre år. Midlane var utlyst rett etter at øyrådet vart stifta. I prosjektet forpliktar øyrådet seg til å jobbe for næringsutvikling, tilrettelegging av bustader, informasjon, tilflytting, trivsel., og å delta i kurs og konferansar. Øyrådet er i gruppe med Ålvundeid, Sekken og Norddal IL, som dei samarbeider med. Til no er det utbetalt 88.000 kr etter innsendt dokumentasjon av dugnadstimar.
- Rekneskap. Godkjent med forbehold om at anmerknader frå revisorar vart retta på.
- Val. Leiar i valnemnda, Arnfinn Flem orienterte. Valnemnda si oppgåve er å finne leiarkandidat, valnemnd og revisorar, og leiarar for gruppene viss ikkje gruppa sjølv finn dette.
Leiar: Lidvar Rogne trekkjer seg som leiar, men sit fram til ein har funne ny leiarkandidat.
Valnemnd: Ynskjer ny formann.
Revisorar: Sigrunn Kjos Longva og Sissel A. Nogva tok attval.
Informasjonsgruppa: Tanja Otterlei (leiar), Trond Ravnestad (nestleiar.)
Bustadgruppa: Joar Haram (leiar), Gjertrud Longva (nestleiar)
Tilflyttingsgruppa: Mette Krogsæter (leiar), Severin Longva (nestleiar)
Økonomigruppa: Bjørn Longva (leiar), Knut G. Flem (nestleiar.)
Trivselgruppa: Manglar leiarar. (Arnfinn Flem sit inntil vidare.)
Næringsgruppa: Manglar leiarar. (Birgit Kjerstad sit inntil vidare.)
Årsmøtet gav godkjenning til at næringsgruppa og tilflyttingsgruppa kan inngå eit samarbeid med felles leiar. Dei bør då stille med minst to personar i Styremøta. ( bør også ha varamedlemmer.)
I tillegg til den funksjonen trivselgruppa har hatt fram til no, kan også dei brukast meir inn mot tilflytting, t.d. med å ta imot familiar som kjem på besøk/flyttar i samband med Placement. (Opprette nettverk av kontaktpersonar?) Trivselgruppa treng leiarkandidat.
Det vart kommentert at ein må passa på at arbeidet i gruppene i øyrådet blir overkomeleg for dei som skal utføre det. (Avgrense og konkretisere arbeidsmengda.)
Vedtak av årsmøtet:
Valnemnda får ein månad til på seg til å finne dei kandidatane som manglar. (Frist: 23.mars.)
Styret skal kalle inn til ekstraordinært årsmøte innan to månader. (Frist: 23. april.)
- Eventuelt andre saker.
- Nye instruksar for Styret vart vedteke.
- Skulebua: Jan Arne Longva vil gjerne ha hjelp til bygginga. (Tips han gjerne om personar som kan vere aktuelle.) Ein treng også ein egna stad å bygge. Bygget til gamle H-produkter vart foreslått, og Johan Longvanes tok på seg å undersøke denne muligheita vidare. Årsmøtet ville gjerne ha ei nærare orientering om plan for finansieringa. Dette vil bli lagt fram på ekstraordinært årsmøte.
- Kvileheimssaka. Lidvar orienterte om den lokale gruppa. Det kom forslag om å få med ein representant frå Lepsøy og Fjørtoft, slik at alle øyane som bruker kvileheimen er representert. Lidvar Rogne ville ta kontakt.
- Kåre Flem kom med innspel om at det er viktig for Øyrådet å marknadsføre seg, og oppmoda samstundes alle gruppene om å prøve å rekruttere fleire medlemmer ved å ta direkte kontakt med folk.
- Idemyldringa vart utsatt til ekstraordinært årsmøte. (Forslag: Open Space-metode.)
Referent 28/2-2016: Tanja Mjøs Otterlei
Sjå årsmeldinga til Øyrådet her.