Referat frå årsmøte i Øyrådet onsdag 20. februar
Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste har vore lagt ut på Øyrådet si heimeside og publisert med plakat på butikken 3 veker før årsmøtet. Innkalling og sakliste vart godkjend utan merknader.
2. Val av ordstyrar og referent
Knut Flem vart valt til møteleiar og Karianne Urke vart valt til referent.
Sak 3. Årsmelding
Dei største sakene det har vore arbeidd med i Øyrådet sine grupper er:
- Ny kommunal arealplan
- Utvikling av informasjonsfilmar i samband med handsaming av Nordøyveg-saka.
- Planlegging av kafétilbygg ved Coop Marked Longva.
- Avslutning av 3-årig bygdemobiliseringsprosjekt.
- Deltaking på Næringskonferanse på ID-huset
- Halde kontat med aktørar i forhold til behov for utbygging av breiband på øyane.
- Deltaking på Friskus-kurs.
- Utsending til møte om lokaldemokrati i Nye Ålesund.
- Stand på Romjulsturnering i Nordøyhallen.
Knut las opp årsmeldingane frå dei ulike gruppene i Øyrådet.
Frå Infogruppa kom det ei oppfordring om at folk må vere flinke til å linke facebook-innlegg frå gruppa, slik at det når ut til mange.
Økonomigruppa har søkt momskompensasjon for Skulebua og utgifter til drift av Øyrådet. Det har ført til at vi har eit svært godt økonomisk resultat dette året.
Elles blir det meldt frå Trivselsgruppa at arbeidet med å sette i stand turstiar er godt i gong. Gruppa stod som arrangør av Eldredagen i Haram, eit arrangement som vart svært vellukka.
Bustadgruppa minte om at ny kommunal arealplan vart lagt ut 20.12.2018 med 6 vekers frist for å kome med innspel.
Årsmeldingane vart godkjent utan merknadar.
Sak 4. Rekneskap
Rekneskapen vart gjennomgått og kommentert. Spelemidlar og momsrefusjon til Skulebua, midlar frå Grunneigarlaget og inntekter frå Eldredagen i Haram var det som genererte dei største inntektene dette året.
Dette gjer at Øyrådet kjem ut med eit svært positivt driftsresultat på 458 382,65 kr.
Rekneskapen syner at det er midlar å hente frå ulike hald, dersom ein jobbar godt med å søkje.
Rekneskapen vart godkjent av årsmøtet.
Sak 5. Val
Styreleiar
Knut Flem takkar av som leiar i Øyrådet. Valnemda har innstilt Kyrre Åsen Rogne til leiarvervet, og dette vart samrøystes vedteke på årsmøtet.
Leiar og nestleiar i gruppene
Det har vore vanskeleg for valnemda å finne nokon som er villig til å gå inn som leiar i bustadgruppa. Årsmøtet gir bustadgruppa fullmakt til velje leiar, då der er aktuelle kandidatar som vil kome fram til ei løysing.
Joar Haram får i oppgåve å kalle inn til møte i gruppa, slik at dei kan konstituere seg.
Verva i dei andre gruppene er fordelt, og årsmøtet godkjende vala.
Revisorar for 1 år
Aage Flem og Olav Skarstein vart attvalde.
Valnemnd for 1 år
Severin Longva, Synnøve Rekdal og Karoline U. Øines. Vara: Mette Krogsæter
Sak 6. Prioriteringar for arbeidet i 2019
Gruppene i Øyrådet arbeider til dels sjølvstendig, og står fritt til å ha fleire satsingsområde. Det avtroppande styret ser på opprusting av turstiane og oppføring av kafébygg ved Coop Marked som to viktige saker det må arbeidast vidare med. Det kom òg innspel frå årsmøtet om at Øyrådet bør vere pådrivar og arbeide vidare inn mot Nye Ålesund kommune / Telenor for å få fiber til alle husstandane på øya.
Rekneskapen og årsmeldinga er lagt ut på Øyrådet si heimeside for dei som vil sjå fleire detaljar.
Gjertrud-Marie Longva og Lisbeth Marie Austnes vart valde til å signere protokollen.
Karianne Urke, referent