Aud Marøy takkar av
I over 30 år har Aud Marøy vore diakoniarbeidar ved kyrkja i Haram. Stasjonert på Haramsøy, men har virka i alle kyrkjene i kommunen og på Harøya. Mange har møtt ho, i gudsteneste, i bryllup, i barnedåp eller i konfirmasjon. Positiv og hjartevarm. Likevel er det kanskje i dei mange gravferdene at Aud har vore ei klippe i det vanskelege sorgarbeidet, når livet tek slutt. Ho deler nok ein bit av mange hjarte, hjarte til dei som har delt glede eller sorg, i sitt hjarte.
Siste arbeidsdagenHaram kyrkje, søndag 25. februar 2018. Mykje folk i kyrkja, tre barnedåpar, sokneprest Magne Bildøy leiar sermonien og sikrar dåpen for tre nye småborn. Prosten i Nordre Sunmøre prosti, Svend Klemmetsby, held preika i desse fastetider. Aud Marøy les frå skrifta. Arbeidsdagen har kome til ende. Kyrkjekoret imponerer og organist Michael Wagner løftar kyrkjetaket med sin orgelmusikk. Ved utgangen var det masse handtrykk og klemmar. Ein fin siste dag på jobben for Aud.
Kyrkjekaffi på bedehuset på Austnes
Mange kom til kaffi og litt å bite i. Og ikkje minst nytta arbeidsgjevar og kollegaer høve til å takke. Både med godord og gåver. Kyrkjeverje i Haram, Jan Dalhaug, hadde med ei stor overrasking. Norges Vel sin medalje og diplom for lang og tru teneste.
Honnør for arbeidsinnsatsen.
Både prost og prest gav Aud god karakter for arbeidet som diakoniarbeidar. Aud har gjort meir enn det ein kan vente i ei slik stilling. Både ved gudsteneste, dåp og gravferd. Teke seg av samtalar med pårørande. Stor omtanke, følgt familiar gjennom generasjonar, men også med ei sikker hand om kontorarbeidet ved kyrkjekontoret
Aud takkar!
Aud takka for mange gode ord og for gåver. Men mest takka ho for å kunne få vere med å formidle Jesus sin kjærleik. Det har ikkje berre vore ein jobb, men ein måte å leve på. Eit liv vi forstår ho er svært så glad i. Av og til har eg følt meg som den 7. mor i huset. Barnedåp, konfimasjon, bryllup, barnedåp, konfimasjon, bryllup… Følgjer dei same familiane i livssyklusar.
Ho veit at ho har gått ut over sin skrivne plikter, men med erfaring kjem det kunnskap og mot. Ho har derfor lett hatt Gudstenester, 45 i talet, og 55 gravferder har ho leia. Aud har hatt ein jobb som ho har trivest i. Mange gode stunder med medmenneske. Det vert rart å slutte, seier ho, men tida er komen. TAKK!
Olav Skarstein