Innhaldsrikt barnestemne på Rogne
Born og unge frå Vatne, Sykkylven, Volda, Ørsta, Stordal, Fiskå, Hellesylt hadde ei kjempehelg saman med likesinna i UL Fram (Flemsøy/Skuløy og Haramsøy).
168 påmelde pluss ein del vaksne til å halde styr på ein sprek ungdomsflokk frå 8 ungdomslag. Logistikk, overnatting, måltid og aktivitetar. Mykje som skal klaffe og det meste gjekk utruleg bra. ”Å så god mat” var det ei som sa til venninna, og då er grunnlaget på plass.
Aktivitetar
Først litt underhaldning. UL Fram viste siste musikalen sin, Ein sirkel av liv, til sine gjestar. Vart godt likt og dei vaksne var imponert over kvalitet og kostymer. Neste dag; danseframvising ved Kvileheimen på Longva og ved Coop sine butikkar på Longva og Haramsøy.
Innsats og læring
På fotballskulen i Nordøyhallen fekk dei m.a. lære litt om å snu med ballen, føre ballen og gjennomføre eit planlagt angrep. Hip-hop gruppa med topp instruktør, Josefa Berg Hellebust frå Sula. I Norgestoppen i hip-hop. Skal delta i neste VM i hip-hop.
Folkehelseområdet på Haramsøy er ein invitasjon i seg sjølv til ein sirkel av moro. Gruppevis fekk dei unge leike eller utfordre seg. Største utfordringa var nok hopp i Hølmekollen. Nokre torde ikkje, men dei som gjorde, fekk ei kjempeoppleving i det å meistre.
På Longva var vikingane samla. Alle hadde rodd vikingskipet, prøvd havet. To og to på kvar åre. Høyrde ingen anger på valet av denne aktiviteten.
Laurdagskveld på Framtun
Festkveld. Fortelje litt om opplevingane. Vise litt frå eige lag eller litt frå ny lærdom. Men mest av alt ha det gøy.
Teatergruppa viste ei scene frå Snøkvit som dei hadde lært i løpet av dagen (4,5 time). Imponerte sine vener. Hip-hop gruppa var litt meir i utakt sidan den dyktige leiaren no ikkje var med. Fiskå hadde med ein linedance som dei dansa i ring. Vatne viste reinlender. Moro utover kvelden med konkurranse og limbo. Så fekk dei danse så lenge dei orka.