Berg og båre konsert!
Kor For Oss med laurdaghygge i Nordøy Grendahus på Longva. Godt orkester, eit kor i god form og dyktige solistar mana fram roa ute ved havkanten.
Ein stemningskonsert med mange vare og rolege songar som høver godt medan båra rullar eller bryt mot strand og berg. Folk kosa seg rundt borda med kaffi og kaker. Koret, solistar og orkester serverte frå sitt repertoar. Foto frå den flotte lokale kystnaturen rulla i bakgrunnen. I storm og stille. Ein avstressande konsert med mange norske låtar, Henning Kvitnes, Vamp, Frode Alens, Kari Bremnes, Ola Bremnes og Lars Bremnes var representerte. Men også gode låtar frå andre land fekk vere med, både country og pop.
Koret har ein god lyd. Mange gode stemmer. God besetning i kvinnestemmene sopran og alt, medan mannsrekkja med tenor og bass saknar nokre sjeler. Likevel leverer koret. Gabriellas Song er mektig og stor. Kor For Oss har ofte hatt samarbeid med musikarar. Kveldens orkester, Jan Gunnar Åkre, Nils Harald Aanstad og Hallgeir Remme, har mange gongar vore i lag med koret. Eit samarbeid som truleg vil vare ved. Kler kvarandre.
Etter fortent applaus måtte dirigent Jens Aksnes finne eit ekstranummer mellom kveldens songar – det vart Pharrell Williams sin Happy. Slik at vi kunne danse heim til Happy og ha songen i hovudet heile natta. Solistar som var med å spreie gleda var Ane Flem, Sigrid Rogne og Peter Aksnes.
Olav Skarstein