Den store dagen!
17. mai har vore på vent ei stund – så kom den tilbake til små og til store – med flagg, korpsmusikk og is. Gratulerer og klemmm!
På Longva kom flagga til topps medan skrangletog vekte sjusovarane og den store dagen; vakna til sol og varme! Vår Herre har halde si hand over vêr og vind denne fine grunnlovsdagen – som folk frå bygd og by tilbake i 1814 – gav sitt ja til.
Gamle tradisjonar om 17 mai på øya er borte – no er det eit stort felleskap. Tog, leikar, mat og middag, fest og samhald i Grendahuset på Longva.
Utan pause for middagskvil, kom det frå scena underhaldning: videoklipp (honnør til Kenneth Flem Slyngstad), Kor For Oss, Flem Skulekorps, tale for dagen – Reidun Haram Longva, skuleborna ved skulen med song og dans, danegruppe Line, Jenny og Olivia.
Festtalen
Reidun Haram Longva plasserte 17. mai i sitt historiske perspektiv, men drog så dei nye elementa for Nordøyane fram i lyset. Nordøyvegen som bitt øyane i saman, vindturbinar som uroar folket – og ei von om at vi skal klare det.
17. mai og fest
Dagen vart stor – frå skramletog, barnetog, leikar, is og brus, middag og kaker og kaffi, drøs i solveggen og til full rulle i Grendahuset.
Til lukke med dagen!
Olav Skarstein