Der laksen bur

Lun fraktar folk ut til anlegget
Litt utilgjengeleg for folk flest, ser ein fiskemerdar og hus på sjøen. Slangar og dur av maskiner. Veit det er eit lakseanlegg, men kva skjer?

Velkomen ombord på Nogvafjord
Marine Harvest på Rogne fekk nytt anlegg i fjor som fungerer heilt flott, men for oss vanlege som køyrer forbi på landjorda, så er det noko som vi veit lite om. Det lagar seg! Marine Harvest inviterte til open dag for alle som vil og vågar å kome om bord i lakseanlegget i vind og bølgjer.
Til trass for varrierande vêr med vindelingar, regnbyer, kaldt, men også sol inn i mellom, tok nordmannen turen ut på det litt ruskete havet, til laksen som spratt og leika – for leiken den ville han sjå. Fleire turar med oppdrettsbåten frå Rogne samt tur til Fjørtofta, samla 84 nygerrige store og små på anlegget.
Frå land ser det lite ut. Når du stig om bord, forstår du at her er det ein fabrikk, eit lite samfunn med tankanlegg til alt som ein treng, fôr, vatn, olje, destruert fisk/avfall. Samt eige straumaggregat dersom elverket ikkje maktar å levere. Datastyrt foringsanlegg som serverer maten rett i munn ved hjelp av joystick. Dataspel med produksjonsverdi. Likevel flott å sjå laksen sprette opp i merdane for å hente oksygen. Tre etasjar, øvst med kontor, kjøken og velferd. I etasjen under var det verkstad, medan vi i kjellaren såg foringssystemet og tekniske installasjoar. Tidlegare i år vart det sett ut 1.668.827 laks med ei snittvekt på 178 g. No er snittvekta 1,4 kg. Dei skal vekse til 5,6 kg som vert til 37 millionar middagsporsjonar.
Laks i dag igjen!

Foring av laks – med joystick.

Smake på laksemat.

Trur at kakebord er betre alternativ for folk flest.
Annfrid Rogne, pensjonist og næraste nabo til anlegget. Ho har aldri vore ute på anlegga som ho har sett frå stova dagleg. Ho har aldri hatt på seg flytevest før i dag. Ektefellen, Hans, leigde ut plass og jobba på det første anlegget på Rogne – ca. 1990 – ein heftig diskusjon tok til mellom ein gjeng – om kva år Bio frå Vegsund starta opp?

Annfrid Rogne, næraste nabo til anlegget, likar aktiviteten i nærmiljøet.
Annfrid er svært positiv til oppdrettsanlegget, aktiviteten og arbeidsplassane. Har tru på at det kan kome fleire anlegg i desse gode lokasjonane. Meiner også at dei er flinke i å hindre forureining som følgje av drifta. Om ho likar laks? Ja i alle versjonar, kokt, steikt, røykt, mm.

Frøya og Emma likar laks!
Også den yngre garde likar laks. Frøya Søvik Rønning og Emma Lausund Klokk har sin første tur på eit oppdrettsanlegg. Tek nye ting meir avslappa. Steikt i omn seier Frøya om laksemåltidet. Kva skjer når laksen er stor nok? Då vert den fiska! Etter litt diskusjon vart vi samde om at laksen vert fanga og produsert til mat for folk både i Norge og i andre land. Dei hadde også peiling på arbeidsplassar – justert i fellesskap til seks.

Gudmor Hannah døyper Nogvafjord!
No ligg anlegget her på andre året, og dåpen har blitt utsett. Endeleg skal det skje. Vinsj til å løfte opp champagne. Styrer flaska i rett posisjon og pang. Gudmor Hannah Flem Otterlei (13 år) slepp flaska som står i mot. Ein og to og endeleg på tredje smell den, og vert anlegget døypt til Nogvafjord! Hannah kan puste ut.

Dagleg leiar Svein Olav Otterlei satsar på ny pokal for beste Harvest anlegg i 2019.
Svein Olav Otterlei er godt nøgd med besøket. Både kakebordet og pølsegryta fekk godt innhogg. Som Harvest anlegg, har Rogne to gongar fått pokal for beste Harvestanlegg i region vest. Pokal i 2009 og 2011. Satsar på ny pokal i 2019 – når laksen i anlegget er vaksen! 9000 tonn laks på fat.
Olav Skarstein
