Det vakje so gale
Gruppa ”Dei redde, sjenerte og ukonsentrerte” slo til på HUSK Grand Prix på Haramsøy Samfunnshus med låten Det vakje so gale.

Los Gildes med Pølsefest. John Håvard B. Sylte, Torbjørn H. Aakre, Aurora Longva og Britt Hansen.
HUSK (Haramsøy UngdomsSKule) stod for eit flott arrangement med fullt hus – ca. 300 sjeler – back to the 80’s musikk – nye tekstar produsert av skuleelevane – mat og snop i kiosken. Va’kje so gale? Jau, dette var kjempebra!
Merka forventinga, open kiosk før GP, trippande små føter, fram og tilbake, kjøpe noko godt eller drikke. Litt høge på sukker. Kaffi og kaker. Ein smak av stemning i eit lokale der ein kjenner seg heime i lag.
Godt jobba. Det er ikkje berre sang, tekst og musikk. Elevane har jobba med kostymer, sceneshow, lyd og lys. Eit prosjekt der elevane skal ordne det meste. Litt hjelp når dei står fast, seier rektor Kenneth Ulla.

Lyd og lys. Ida Ravnested, Kim Andre O. Farstad, Knut N. Aksnes, Andreas N. Lausund, Benjamin Are R. Wagner og Oliver Andre Klokk
Lyd og lys gjengen på 10 unge var også på scena i GP. Til og frå spakar og mixebord, overlate ansvar til andre når scena venta. ”Lyd og lys” styrte lys, musikk, videosnuttar og tåke i eit bort i mot perfekt opplegg. Seks av teknikkar på rad, klare til innsats – Ida Ravnestad, Kim Andre o. Farstad, Knut N. Aksnes, Andreas Nicolai Lausund, Benjamin R. Wagner og Oliver Andre Klokk, heng over spakane når lyset i salen går ned – action!
Låtane

Fotball Chicksa med På Norway Cup igjen. Jonas Nogva, Finn Hansen, Ivar Arne Fjørtoft, Martine Aakre, Sanirati Mueangdet og Malin Fjørtoft

Sjølvsikre Vitaminbjørnar med Du er bra nok! Nicolas Vedeld Haram, Eirik Davik, Lea Röher, Synnøve Longva og Fredrikke S Rønning.
Elevane hadde valt mange gode 80-tals låtar å jobbe med. Heile 10 kjende låtar for folk i rett alder. Ny norsk tekst er likevel ikkje plankekøyring, så her hadde dei jobba både med rim og innhald. Tekstane bar preg av å gjenspegle det nære eller det som ungdomen er opptekne av.

Vinnargruppa Dei redde, sjenerte og ukonsentrerte med Det vakje so gale. Eirik L. Austnes, Amund L. Otterlei, Fredrik F. Austnes, Ida Ravnestad, Vilde Ravnestad og Oda O. Austnes.
Beste låt og beste sceneshow gjekk til: Det vakje so gale (original: Livin On A Prayer av Bon Jovi).

Lærarane.
Vener
Dionne Warwick, Elton John, Gladys Knight og Stevie Wonder hadde ein singel på 80-talet i samband med velferdsarbeid for AIDS forskning, Thats what friends are for. Ein song om venskap, venskap i gode og vonde dagar. Sprek rektor og lærarar delte songen frå scena med stil og humor til stor glede for sine vener; elevane og publikum.
Olav Skarstein
