Vårpuss på skuleplassen
I dag (7. april) var det dugnad på skuleplassen for å gjere litt vårpuss. Samstundes er det opprydding og finpussing etter «oppgraderinga» av uteområdet i haust, då m.a. fleire nye leikeapparat vart oppsett.
Det er planen å ha ein liten opningsfest for «nye skuleplassen» – med aktivitetar for born, kaker og andre godsaker og eventuelt andre ting – ein familiedag. Programmet er ikkje fastlagt, og heller ikkje datoen for festen, men laurdag 30. april er antyda.
Området skal også utstyrast med ein skaterampe, som Nordøy I.L. har kjøpt inn. Den skal plasserast i nærleiken av inngangen til biblioteket og vil kome på plass i løpet av våren, vert det meldt.