Ei engasjert øyadame
Nittenårige Sofie Kleinhans Krogsæter var på FN si Ungdomsforsamling (Youth Assembly) 17. – 18. februar i år og fortalde om opplevingane der på Gamleskulen fredag 11. mars. Det vart eit forrykande foredrag – engasjert og engasjerande.
Sofie har alltid likt å reise og treffe andre folk på tvers av landegrenser, er interessert i internasjonale spørsmål og håper på ei framtid i ein internasjonal frivillig organisasjon eller kanskje ein underorganisasjon av FN.
Ho er MOT-medlem, og på ein MOT-camp var det ei anna jente som inspirerte henne til å sjekke muligheita til å delta på den nemnde ungdomsforsamlinga.
Sofie sjekka og søkte, og fekk plass. Deretter var det å ordne finansiering; ho søkte Haram kommune og fekk kr 2.500, same summen med Haram Næring og Innovasjonsforum, og 7.500 kroner med Rotary International.
Dermed var det berre å setje seg på flyet til New York, der ho vart innkvartert saman med ei kinesisk jente på eit hotell midt på Manhattan. Ho fekk oppleve snøkaoset som var i N.Y. akkurat då, besøkte Central Park, Times Square, Wall Street, Grand Central Station og mykje meir. Det var trygt å ferdast åleine rundt i byen, følte ho, fordi der alltid var masse folk rundt henne.
På Ungdomsforsamlinga deltok om lag 500 ungdomar frå minst sytti land. Dei var i alderen 16 – 25 år, men det store fleirtal var mellom 19 og 22, anslo Sofie. Merkeleg nok var det svært få europeiske deltakarar; frå Afganistan åleine var det fleire enn frå heile Europa. Og Sofie var den einaste frå Noreg.
Første dagen var det samling i plenum med innleiarar og talarar som gav stor inspirasjon og motivasjon til å jobbe med berekraftig utvikling, som var temaet for konferansen. Denne dagen døydde forresten tidlegare generalsekretær i FN, Boutros Boutros-Ghali, og alle nasjonsflagga utanfor FN-bygninga vart fira.
Andre dagen var det workshops, der ungdomane fekk delta aktivt og diskutere aktuelle problemstillingar og dele synspunkt. Det handla om korleis ungdomen kan gjere ein forskjell, om korleis dei kan påvirke leiarar til å gjere berekraftige val.
Dei fekk vite at ungdomen er svært viktig og har eit stort ansvar i å snu utviklinga i ei meir berekraftig retning, og at tida er knapp. Såleis er det av avgjerande betydning at idéar vert gjort om til realitet – at dei vert sett ut i livet.
Sofie var «offensiv» og tok kontakt med andre for å få vite mest mogleg om deira situasjon og kva dei gjorde, kva som gjekk føre seg i deira heimland osv. Dei utveksla idéar og erfaringar og lærte veldig mykje av kvarandre, og dette var kanskje det viktigaste og mest inspirerande på heile forsamlinga, meinte ho.
Eit besøk i USA sin FN-delegasjon vart det òg tid til, der ho m.a. fekk lære om kva muligheiter det er for jobb i FN-systemet. Ein gong i framtida kan det sikkert by seg ein jobb i den norske delegasjonen, trudde ho.
Ein kveld var det «galla», der mange stilte med nasjonaldrakter (men Sofie hadde lagt att bunaden heime) og der ein del av ungdomane underheldt m.a. med tradisjonelle dansar, musikk m.m. Der mingla dei med delegatar frå ulike land og tilsette i FN, og Sofie kom i kontakt med mange «som kan kome til nytte seinare». Ho syntest ho lærte mykje om «networking» denne kvelden – korleis etablere kontakt med folk – og fekk masse visittkort.
Ungdomsforsamlinga var ei super oppleving, sa Sofie, og ho kom tilbake til Noreg meir motivert og inspirert enn nokon gong til å arbeide for ei berekraftig utvikling på kloden. Ho rår alle som er interessert i internasjonalt samarbeid til å prøve noko liknande.
Og skal ein døme etter energien og engasjementet på foredraget på Gamleskulen denne fredagskvelden, går slikt arbeid gode tider i møte!