Eldredag i Haram
Haramsøy Pensjonistlag var i år vertar for Eldredagen og hadde dekka til hyggeleg lag i Samfunnshuset på Austnes Ca. 80 godt vaksne frå heile kommunen fann vegen til dekka bord.
Eldredagen er ein internasjonal dag for seniorane over heile verda. Dagen er stifta av FN. Leiar i Haramsøy Pensjonistlag, Inger Anne Pareliussen, minna om dette i sine velkomstord. Dagen skal vere med på å føre folk saman og kanskje hjelpe nokon ut av einsemd. På programmet var både underhaldning, allsang, middag og kaker i lange baner. Og ikkje minst høve til å få prate i lag, utveksle både nytt og minner.
Unge
Det er flott at ungdom vil vere med på ein eldredag. Underhaldning og oppleving. UL Fram si ungdomsgruppe synte to scener fra musikalen Anastasia, danse og sangnummer frå St. Petersburg og Paris i oppsetninga som dei hadde i sommar. Elegant sjølv utan scenekulisser.
To ungdommar, Håkon Farstad Brekke og Petter (Petar) Milic, har hatt ein opplevingstur til Kenya. Bakgrunnen er at organisasjonen North South Partnership Aid (NSP AID) som er med på å organisere og samle inn pengar for å gjere det mogeleg for born og unge i den fattige verda å gå på skule og få utdanning, også har fått etablert ei besøksordning for unge her i distriktet. Organisasjonen er heimehøyrande på Sunnmøre med adresse Skodje. Etiopia og Kenya har vore målet for NSP AID.
Håkon og Petter var fulle av inntrykk, fortalde og viste bilder, dei hadde sett velstand, men mest fattigdom. Slum, lukt, fattigdom, matmangel og dårlege bustader hadde gjort inntrykk. Minne for livet.
Servering
God gryterett med ris og salat servert av 9. klasse ved Haramsøy skule. Etterpå kakebord i kjend øyakvalitet. God jobb både med servering og rydding. Like viktig er kontakta mellom generasjonane. Så vert det ein slant i klassekassa til skuletur til Polen.
Vaksne
Sjølvsagt kan også både vaksne og eldre stå for underhaldning. Inger Anne Pareliussen las dikt, Oktober. Gruppa Seniordans Haramsøy dansa to ringdansar, Sangen til Bygda og Ringdans frå Søgne.
Kenneth Ulla stod for moroinnslag som diktaren Hallstein Bronskimlet (Flåklypa) med dikt om eldredagen. Vidare som oppfinnar, sjølvaste Reodor Felgen, som presenterte Il Tempo Rulator Gigante. Ein rulator med funksjonane vindmølle, tunnelbor, reklameplass, sprettert for hjortejakt og fiskestang. Det er godt å få lokka fram smilet.
Lim
Det er alltid litt lim som skal til for at eit arrangement skal henge saman, lim som ein ikkje alltid tenkjer på. Leiaren i pensjonistlaget tok seg tid å nemne dei; Haramsøy Småbåtlag tok eit tak med stolar og bord, Torleiv Austnes og Ivar Arne Fjørtoft jobba med lyd, 9. klasse pluss foreldre med servering, Jens Aksnes på klaver holdt styr på tonane og ikkje minst alle dei dyktige kakebakarane som hadde levert kaker med smaksoppleving.
Rolf Rørhuus takka for laget!
Olav Skarstein