Eldredag i Haram
Nordøy grendahus på Longva, innbydande pynta og arena for eldredagen i Haram i år. 85 godt vaksne frå heile kommunen kom til matfat og underhaldning. Eldredagen er eit landsomfattande tiltak for seniorane i samfunnet vårt. Ja, ein internasjonal dag bestemt av FN. Einsemd har blitt eit aukande problem for eldre, kva er då ikkje betre enn å ha ein hyggedag til å kome saman. Når ein høyrer summing av stemmer, då veit ein at dette er ein god dag for samhald.
Birgit Fjelle hadde fått ansvaret for å arrangere denne eldredagen. Sidan ho har evna til å knyte krefter både til mat, pynt og underhaldning, var eldredagen sikra. Vi må ta med at Birgit las Liv Longva Nilsen sin Nordøyvals – ein vals om Nordøyvegen sin betydning for folket på Nordøyane. Valsen vart skriven i samband med at veg bru og tunell prosjektet vart godkjent i stortinget.
Unge
Det er fint når unge vil dele med eldre. Dele aktivitet og oppleving. UL Fram si ungdomsgruppe kom med to songar frå sommarens Aladdin Jr. Tøffe born i ny klatrevegg i grendahuset. Petter Høistad Bergheim klatra til topps. Og ikkje minst Frida Otterlei i halsbrekkande turnøvigar i tissue.
Mat
Kortreist hjort i gryte. Rett frå lokal natur til lokal gryte. Gratis frå grunneigarlaget på øya. Superkokkar, May Britt Flem og Lidvar Rogne smaksette hjorten til ei oppleving for tunga. Og kakebord i øyaklasse – seier ikkje meir – det må opplevast. Niande klasse ved Haramsøy skule stod for servering og gjorde ein god jobb.
Eldre
Andre avdelinga med underhaldning var ved seniorar. Elias Rogne med tankar attende til ungdomstida den gongen då – sjølvberging og politikk – fram til Nordøyvegen med sine mange vanskar på vegen fram. Han gav honnør til politikarane Sve og Vatne for deira innsats for vegen. Seniordans gruppa frå Haramsøy viste at det er rytme i godt vaksne kroppar. Dei dansa tre dansar, linjedans, vals og swing. Olav Skarstein synte til slutt foto frå natur og folkeliv på øyane.
Leiar i eldrerådet Ole Johan Høyberg og representant frå kommunen Arnt – Ove Tennfjord takka for ein flott eldredag på Longva.
Olav Skarstein