Elevane ved kulturskulen med minikonsert på Longva

Lærarar og elvevar på scenekanten. Lærarane bak frå
venstre, Hans Peter Neergård, Bjørn Noralf Dybvik, Krastyu
Panev og Slavey Stoyanov. Elevane Princess Nerland, Live
Høistad Aakre, Camilla Longva og Wiktor Broda
Haram Kulturskule tek julefri. Då er det på tide med konsertar for å vise kva borna har lært. Fem konsertar i desember. Tysdag var det på Longva.
Kulturskulen
I Haram har det vore 160 elevar som i løpet av året har lært eller lært meir innan ymse fag, frå teikning til musikk. I tillegg til dei 160 kjem ein del aspirantar i skulekorpsa. På øyane har det vore elevar innan musikk. Skulen har 10 lærarar som deler 5 årsverk. Rektor Hans Peter Neergård fortel at det har vore ein liten nedgang i talet på elevar, noko som kan gå ut over tilbodet ved skulen på sikt. Trur tale på born i kommunen går ned.
Kulturskulen har ledige plassar, og det er høve å kome med gjennom heile skuleåret. Informasjon er å finne på skulen si heimeside: kulturskulen.haram.no. Send inn ein søknad og få sjansen til t.d. musikalsk lærdom eller eit av dei andre tilboda som kulturskulen har å by på.
Konsert
Det vart ein minikonsert sidan skulen berre har 6 elevar på øyane dette skuleåret, og to hadde forfall. Men dei 4, alle på piano, tok plass framfor tangentane og let oss høyre. Princess Nerland med Mikkel Rev, Live Høistad Aakre med Kumbayah og Så går vi rundt om en enebærbusk,
Camilla Longva hadde Klokkene Ringer. Wiktor Broda har fleire år på musikkskulen, noko som var lett å høyre då han serverte Beethoven sin; Til Elise. Veldig bra.
Lærarane
Lærarane, Hans Peter Neergård, Bjørn Noralf Dybvik, Krastyu Panev og Slavey Stoyanov, utvida konserten med litt julestemning. Dei spelte instumentalversjon av Julekveldsvise og For et øyeblikks tid. Stemningsfullt.
Olav Skarstein