Eventyrstemning i Flem skulekorps
Annarleis og kjekt. Kjende Disneymelodiar har vore på notane i haust. Når melodiane er kjende – så vert også øvingskveldane kjekkare og nye notar lettare å få! Og konserten eit klimaks.
Musikk, video, kostymer og skodespel frå Disney verda – i eit smakfult pynta konsertrom. Plakatar og rekvistita på veggar og bord i ei eventyrbelysning som batt alle Disneyfans. Og det var noksånær alle i sal og på scene. Korpset og hjelparar var alle utkledde som Disneyfigurar. Dvergar og prinsesser. Kan godt ta med ein kommentar frå publikum allereie no; ”Koseleg konsert både for born og vaksne – så fint lys og så god stemning”.Flem skulekorps sin leiar, Lisbeth Austnes, kunne fortelje at konserten var resultatet av korpset sitt arbeid denne hausten. Ideen var likevel fødd i vår på skuletur til Polen. Må nytte tida når ein kan, seier ho. Kjende melodiar og kostymer har vore positivt for øvingane, ja siste øvingshelg fekk karakteren ”GØY” – og det er uvanleg – øvigshelg har elles vore i den andre enden av skalaen. Lisbeth er saman med andre vaksne med å spele i korpset – slik at inngangsbiletten til korpslivet for dei unge vert lettare.
Korpset spelte frå ”When you wish upon a star” til ”Pirates of Caribbean”. Og inn i mellom slo UL Fram til med kostymer og innslag frå teateroppsetningar, frå Ein sirkel av liv, frå Skjønnheita og udyret og frå Aladdin.
Eit magisk samarbeid der korpsmedlemer også måtte skifte kostyme til skodespelarar og tilbake. Eventyr for publikum, eit eventyr på scena. Ul Fram hadde ein song/dans frå Aladdin med Genie (Syver Flem) og Razoul (Kristine Davik) i spissen.
Aspirantar. Sentralisering og fråflytting for øyane – likevel har korpset ei imponerande aspirantrekkje. Flem skulekorps har heile 14 aspirantar på instrument. Nye musikantar i den nære framtid. Dei slo til med tre melodiar – og varsla om ei fortsatt musikalsk framtid.
Vi i korpset. Fekk huka tre korpsmedlemer i Disneykostyme medan rydding var på gang, bli ferdig og kome seg heim. Senior Gjertrud Longva og to yngre, Aurora Longva og Fredrikke Søvik Rønning.
”Jau, dette var annarleis og kjekt”. ”Øve på kjende melodiar, det vart automatisk meir gøy. Kjende melodiar som sagt – det var moro å få nye notar fordi melodiane/songane var kjende gjennom Diseney filmar og videoar”. Det var tre samstemte kvinner som priste opplegget og resultatet. ”Gøy å få kle seg ut også, bli ein annan for ei stund!”
Sjølvsagt eit langt kakebord med sine mange meter. Gode kaker og anna sunn mat. Det må då vere sundt når ein vert glad. Nokre fekk også gleda av å ta med seg ein fin gevinst heim frå lotteriet, noko praktisk eller ei fruktkorg med Fem om dagen!
Olav Skarstein