Referat frå fellesmøte i Næringsgruppa og Tilflyttingsgruppa
Stad og tid: Flem skule 15.01.2018 kl. 20.00
Medlemer til stades frå næringsgruppa: Jonny Flem, Karoline U. Øines, Lisbeth Austnes, Birgit Kjerstad, Rita Kvinge og Knut Flem. Forfall: Rolf Longva og Johan Longvanes.
Frå tilflyttingsgruppa: Uwe Kleinhans, Mette Krogsæter og Severin Longva.
Møtet kom i stand m.a. for å førebu samanslåing av dei to gruppene. Bakgrunnen er at tilflytting og arbeid/næring høyrer så tett saman at det er praktisk at arbeidet med slike saker vert samla i ei og same gruppe.
Sak 1. Samanslåing av næringsgruppa og tilflyttingsgruppa
Dei to gruppene hadde kvar for seg på førehand diskutert spørsmålet, og det det var full semje i begge gruppene om samanslåing.
Samrøystes vedtak: næringsgruppa og tilflyttingsgruppa bør slåast saman til éi gruppe. Namnet på den nye gruppa kan vere Nærings- og tilflyttingsgruppa.
Forslaget vert sendt til styret i Øyrådet for behandling og godkjenning på årsmøtet.
Sak 2. Eventuell tilflytting av nederlandsk familie
Ein familie frå Nederland – mor, far og ein 5-åring – har meldt si interesse for å slå seg ned på øya. Han er tannlege og ho er IT-spesialist på helsesektoren. Vi har vore i kontakt med fylkestannlegen og fått avklart at det kan vere aktuelt å kombinere folketannrøkta med privat praksis både på Austnes og på Harøya. Begge klinikkane er i drift og funksjon. Øyane sett under eitt er det godt grunnlag for ei heil tannlegestilling. Tannlegen har fått informasjon om dette og vil sende sin CV. Når denne er på plass, må etter kvart tannlegen og fylkestannlegen koplast saman for drøftingar.
Sak 3. Breiband
Om nokre år er Nordøyvegen på plass, men «den digitale motorvegen» manglar på øyane. Eit effektivt internett blir ein stadig viktigare del av infrastrukturen, og kapasiteten her på øya er for dårleg. Her ligg alt fiberkabel som Telenor eig, men det ser ut til å vere vanskeleg å få tilgang til denne. Uwe tek kontakt med kommunen for å få informasjon om denne kabelen og kva som kan gjerast for å betre internettet her ute.
Sak 4. Deltaking på næringskonferanse i Brattvåg
Den årlege næringskonferansen på ID-huset har tittelen «Ny fart i ei digital tid» (jfr. sak 3!). Den går av stabelen 20. februar, og påmeldingsfristen er 13/2. Deltakaravgift er kr. 2.000. Frå Øyrådet deltek Birgit og Uwe.
Sak 5. Val av leiar, nestleiar og skrivar
Leiar: Uwe Kleinhans
Nestleiar: Karoline U. Øines
Skrivar: Knut Flem
Vala var samrøystes.
Møtet slutt kl. 21.10
Referent: Knut Flem